Hopp til innhold

Staten tilbyr bøndene 3,3 milliardar kroner: – Det er éi kraftfôrrekning

Då staten la fram tilbodet sitt i årets jordbruksoppgjer, vart bonde Liv Oddrun Maurstad så skuffa at ho tok til tårene.

Jordbruksoppgjør Liv Oddrun Maurstad

TOK TIL TÅRENE: – Dei forstår ingenting, seier Liv Oddrun etter at staten la fram tilbodet sitt i jordbruksforhandlingane fredag.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Regjeringa tilbyr bøndene 3,3 milliardar kroner i årets jordbruksoppgjer. Det er under halvparten av kravet frå Noregs bondelag på 6,9 milliardar kroner på bordet.

Med statens tilbod, vil regjeringa gi bonden ein lønnsvekst på 91.000 kroner per årsverk.

– Vi må jo ha pengar for å drive landbruk. Vi er avhengige av støtte. Det er svært langt unna. Dette er éi kraftfôrrekning.

Liv Oddrun Maurstad og mannen driv gard i Skjåk med mjølkeproduksjon. Dei er svært skuffa over tilbodet frå staten.

Liv Oddrun Maurstad og Andre Husom følger jordbruksoppgjøret på kjøkkenet i Lom

SKUFFA: Liv Oddrun Maurstad og mannen følgde med på pressekonferansen. Skuffelsen var stor då dei fekk høyre tilbodet frå staten til bøndene.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er heilt idiotisk. Ein blir jo deprimert, for du driv med det du elskar. Men du blir ikkje sett pris på. Du blir kvelt. Det går jo ikkje rundt til slutt.

– Eg kjem til å drive så lenge det går. Men eg er ikkje motivert lenger.

– Kva trur du skal til for at de får det de meiner de har krav på?

– Tomme matbutikkar. Då hadde me kanskje vorte populære igjen som bønder, seier ho.

Jordbruksoppgjør Liv Oddrun Maurstad

MJØLKEBONDE: Liv Oddrun Maurstad og mannen driv gard i Skjåk i Innlandet, men no har Maurstad mista motivasjonen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Lønnsvekst på 91.000

– Staten legg med dette fram eit svært godt tilbod, som viser ei sterk prioritering av norsk jordbruk frå regjeringa, seier Viil Søyland, statens forhandlingsleiar.

– Dette gir moglegheiter for betydeleg inntektsvekst og er nødvendig for å bidra til tryggleik for norsk matproduksjon og auka sjølvforsyning, seier ho.

Cr-ns8V-niA

OPPGJER: Fredag la Viil Søyland, statens forhandlingsleiar i jordbruksoppgjeret fram statens tilbod. Dei tilbyr bøndene 3,3 milliardar kroner.

Foto: NTB

Med statens tilbod, vil regjeringa gi bonden ein lønnsvekst på 91.000 kroner per årsverk. Bøndene kravde på si side 120.000 kroner.

– Skal vi fjerne tvilen i landbruket slik at bonden held fram som matprodusent, treng vi eit kraftigare inntektsløft. Det må meir til for å fjerne tvilen hos bonden, seier leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag.

Satsing på unge bønder

Stabil rekruttering av unge er nødvendig for å nå måla i norsk landbrukspolitikk, skriv regjeringa i ein pressemelding.

I tilbodet frå staten blir ordningar retta mot unge næringsutøvarar prioritert:

  • Styrking av investeringsverkemidla med 80 millionar kroner. Tilskot ved generasjonsskifte blir vidareført og ei særskild innretning mot unge under 35 år.
  • Betre velferdsordningar. Velferdsordningane blir greidde ut fram mot neste jordbruksoppgjer.
  • Avløysarordningane blir styrkte.

Les også Ventar på jordbruksoppgjeret: – Eg er spent!

Ung bonde ser ut vinduet i fjøset

Men styreleiar i Noregs bygdeungdomslag, Henrik Nordtun Gjertsen, er ikkje nøgd.

Han ser alvorleg på situasjonen og meiner det må mykje meir pengar på bordet for å skape framtidstru for ungdommen i næringa.

– Dette er så skuffande frå regjeringa. Dei viser i regjeringsplattforma og med ord at dei vil satse på norsk landbruk, men når alt kjem til alt, så klarar dei ikkje å levere, seier Nordtun Gjertsen.

Henrik Nordtun Gjertsen

SKUFFA: Styreleiar i Noregs bygdeungdomslag, Henrik Nordtun Gjertsen, er skuffa over regjeringa.

Foto: Eryk Oskar Swiergon

– Eg forventar at dei har meir å gå på i forhandlingane. Det staten tilbyr i tetting av inntektsgapet er ikkje nok for å skape framtidstru hos ungdommen, seier han.

Les også Halvard (24) er usikker på om han vil bli bonde

Fogn

- Personleg er eg skuffa

Leiar i Vestland bondelag, Gry Ingvild Agjeld, sier at ho ikkje er imponert.

- Personleg er eg skuffa, og det trur eg mange bønder er også, seier ho.

Gry Ingvild Agjeld, Vestland bondelag

Leiar i Vestland bondelag, Gry Ingvild Agjeld.

Foto: Privat

Agjeld tolkar likevel tilbodet som ein vilje til å redusere avstanden, men dersom folk skal vere eller gå inn i næringa, så må inntekta opp.

- Eg har framleis tru på at vi skal lande eit godt jordbruksoppgjer i år, men det er klart at det må mykje ekstra på utgangstilbodet her.

Før det historisk gode oppgjeret i fjor, aksjonerte bøndende i 2021. Agjeld ser ikkje vekk i frå at dei også i år kan komme til å senke trafikk og servere møkk utanfor rådhus.

- Det trur eg absolutt om ikkje forhandlingane går som dei burde, men no må vi først sjå om det er eit tilbod som vi kan forhandle vidare på. Blir det eit brot så er det veldig alvorleg og det blir veldig synleg frå bondesida, seier ho.

– Dette tilbodet er ikkje godt nok

Partileiar i KrF og tidlegare landbruksminister, Olaug Bollestad, meiner tilbodet regjeringa har gitt bøndene er langt frå godt nok.

– Dette tilbodet er ikkje godt nok. Det er mange bønder som tel på knappane no. Når berre éin av fire vil tilrå ungdommen ei framtid som matprodusentar, er dette ein alvorleg situasjon.

Olaug Vervik Bollestad

IKKJE GODT NOK: Partileiar i KrF og tidlegare landbruksminister, Olaug Bollestad, meiner tilbodet regjeringa har gitt bøndene er langt frå godt nok.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

No er det viktig at staten strekkjer seg, meiner Bollestad.

– Eg er oppteken av at forhandlingsinstituttet blir bevart, og ønskjer partane lykke til med forhandlingane.

Landbrukspolitisk talsperson i Raudt, Geir Jørgensen, omtalar tilbodet til staten som eit hån mot bonden og norsk matproduksjon.

– At staten kallar dette eit svært godt tilbod, viser at dei har ein anna forståing for realiteten enn det som er situasjonen for bønder i heile Noreg, seier Jørgensen.

Les også Bøndene krever mer: – Folk skjønner ikke hvor alvorlig situasjonen er

Liv Oddrun Maurstad

Stortingsrepresentant for Miljøpartiet dei Grøne, Rasmus Hansson meiner statens tilbod i årets jordbruksoppgjer bidreg til å bygge ned norsk landbruk.

– Landbruksministeren sin jobb er å sørge for at Noreg får matproduksjon, sjølvforsyning og den busettinga i distriktet som vi treng. Med dette tilbodet bidreg ho til det motsette, seier Hansson.

Rasmus Hansson, MDG, utanfor Stortinget 23. mai 2022.

TRENG FLEIRE: – Vi treng fleire bønder, ikkje større fjøs. Kjernen i jordbruksoppgjeret må vere at fleire får lyst til å ta over garden, meiner stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Brot før forhandlingane

I år er det berre Noregs Bondelag som forhandlar med staten i jordbruksoppgjeret.

Tidlegare har dei to store bondeorganisasjonane, Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, stått saman i forhandlingane med eit felles krav.

Men i år vart dei ikkje samde om kravet.

Bondelaget og Småbrukarlaget er ueinige i kor mykje pengar bøndene skal krevje og korleis ein skal rekne seg fram til denne summen.

Les også Regjeringen går i forhandlinger med Norges Bondelag etter brudd

Småbrukar Christian Skyttermoen. Han er 25 år, deltids geitebonde, og leiar av Fåberg bonde- og småbrukarlag. Han overtok garden i fjor.

Endringslogg 5.5. kl. 19.00: I den første versjonen av saken skrev vi at Statens tilbud innebar en lønnsvekt på 40.000 kroner, dette er nå korrigert til 91.000 kroner. Beløpet 40.000 kroner er reduksjonen i inntektsgapet i forholdet til andre grupper.