Hopp til innhold

Brukte helga på «ekte» spøkelsesjakt

Halloween er dagen for å kle seg ut som spøkelse. Desse er meir interessert i å filme dei.

Spøkelsesjakt Glomdalsmuseet

IKKJE REDD FOR SPØKELSE: Desse folka vil gjerne bli ringt opp dersom det skjer noko uforklarleg i nabolaget. Her foran Steinbygningen fra 1938 ved Glomdalsmuseet i Elverum.

Foto: Stein S Eide / NRK

Totalt 20 spøkelsesjegerar og paranormale etterforskarar rykka inn på Glomdalsmuseet med overvakingsutstyr og kamera denne Halloweenhelga. Målet var å dokumentere at det verkeleg går føre seg mystiske og uforklarlege ting i dei gamle husa.

– Vi prøver å få ein del på lyd og videoopptak, seier Kenneth Magnerud frå Paranormal Investigation Norway.

Kenneth Magnerud og Laila Bækkevold på Glomdalsmuseet

SKUMMELT MUSEUM: Laila Bækkevold kan fortelje Kenneth Magnerud mange forskjellige historier frå museet.

Foto: Stein S Eide / NRK

Spøkelsesjakta er resultatet av eit samarbeid mellom fire forskjellige grupper. Norwegian Ghost Hunters, Paranormal Investigation Norway, Larvik Ghosthunters og Ghost Investigators Norway. I to netter let dei seks kamera stå rigga, i håp om at dei fanga opp noko.

Kenneth understrekar at ikkje alle opplevingar lar seg dokumentere. Likevel har han trua på Glomdalsmuseet.

Uforklarlege hendingar

Seksjonsleiar Laila Bækkevold frå Glomdalsmuseet stadfestar at mange har opplevd uforklarlege ting i friluftsmuseet. To hus peikar seg spesielt ut. Gamle Stræte skole og den såkalla Østmo-stua.

Begge stader skal det ha skjedd drap.

Gamle Stræte skole på Glomdalsmuseet

GRUFULLE HENDINGAR: I 1971, då gamle Stræte skole enno sto i Våler, vart det gjennomført eit drap der. Det andre bygget som blir undersøkt er Østmo-stua, der Anna Østmo skal ha drepe barnet sitt på slutten av 1700-talet.

Foto: Stein S Eide / NRK

Åndenes makt har også gjort opptak på museet for fleire år sidan, men det er tydelegvis ikkje heilt reinsa for overnaturlege fenomen etter det.

– Mange har også merka rare ting i sjølve museumsbygget. Det kan vere fottrinn, ei kjensle av å bli dytta i ei trapp eller lukt av blod, seier Bækkevold.

Spøkelsesjakt Glomdalsmuseet

UFORKLARLEG: Laila Bækkevold ynskjer spøkelsesjegerane velkomen til museet, og forklarar noko av historia knytt til staden.

Foto: Stein S Eide / NRK

Men det treng ikkje vere negativt for ein museumsformidlar. Ho legg ikkje skjul på at rykta om skrømt trekker publikum.

– Alle museum med respekt for seg sjølv bør ha eit spøkelse.

Ho er likevel klar på at ho har fått historier frå folk som ho ikkje har nokon grunn til å tvile på. No er ho glad for dei kanskje kan få etablert skikkeleg om det er noko der.

  • Korkje skrømt eller hekser høyrer heilt til fortida. Ein advokat meiner fleire ting må opp i dagen:

Fleire stader

Skal ein tru Paranormal Investigation Norway, finst det fleire gamle bygg rundt om i landet der det spøker. På eit kart har dei merka av kyrkjer, kloster, gravplassar, og gamle hotell og gjestehus der dei meiner ein kan finne paranormal aktivitet.

Fleire av stadene har dei undersøkt sjølv. Gamle Luster sanatorium er ein stad som spesielt gjorde inntrykk på dei.

– Vi opplevde uforklarleg dytting, ja til og med lugging, fortel Gro Marit Bottolfs.

  • Det 119 år gamle bygget som har fungert som både tuberkulosesanatorium og psykiatrisk sjukehus, er det no nye planar for:

Trur det ikkje før ein får sjå det

Halloween, eller allehelgensaftan, er historisk tida mange har trudd at avstanden mellom dei daude og dei levande har vore mindre. Men korleis var eigentleg aktiviteten på Glomdalsmuseet nettene opp mot høgtida?

– Vi merka rare ting allereie i administrasjonsbygget, ler Geir Ole Christiansen, leiar i Norwegian Ghost hunters.

Geir Ole Christiansen frå Norwegian Ghost Hunters sett opp utstyr på Glomdalsmuseet.

RARE TING: Geir Ole Christiansen set opp noko av utstyret sitt. Han fortel at nokre gongar fangar det opp ting som dei sjølv ikkje får med seg.

Foto: Stein S Eide / NRK

Dei delte seg i grupper gjennom dei to nettene og har vore innom fleire av husa som Laila Bækkevold viste.

Og no har dei nok med etterarbeid. Om lag 150 timar med video frå museet skal bli analysert, noko som kjem til å ta to til tre veker. Men om det faktisk beviser spøkelse ved Glomdalsmuseet er meir tvilsamt.

– Du kan jo fake til, så å dokumentere at det finst noko tenker eg folk må vere med og oppleve sjølv, så kan du gjere opp ei eiga meining, seier Christiansen.

Flere saker fra Innlandet