Senterpartiet gjer eit brakval i Dovre - og det gjev Erland Løkken og Else Hole Ulekleiv moglegheiten til å halde fram som ordførar og varaordførar dei neste fire åra.
Heilt åleine
Senterpartiet fekk 54,6 prosent av røystene i Dovre. Dette er 4,1 prosent meir enn dei fekk ved siste val.
Dette innebèr at partiet får ein representant ekstra - og dimed sit med ti representantar.
Arbeidarpartiet går attende og mistar ein representant. For dei andre partia blir det ikkje noko endring i mandag, sjølv om Venstre og Høgre går attende med 0,9 prosent kvar.
KrF går attende med 0,4 prosent. Dei hadde ingen representant i det kommunestyret som no sit.
Breidde i fylkespolitikken
Sjølv om Senterpartiet gjer det godt i lokalpolitikken i Dovre, er biletet noko meir nyansert når det gjeld kva dovringane meiner i fylkespolitikken.
For her må faktisk Senterpartiet tole ein tilbakegong i høve til valet i 1999. Vinnarane her er Venstre, Framstegspartiet og SV.
Venstre går faktisk fram heile 8,6 prosent i høve til fylkestingsvalet i 1999. Dette betyr at Venstre får ein oppslutnad på 10,9 prosent av røystene i Dovre når det gjeld fylkestingsvalet.
Framstegspartiet går fram 2,4 prosent, til 9,5 prosent. SV kan og notere seg for 6,1 prosent, ein framgong på 0,7 prosent i høve til fylkestingsvalet for fire år sidan.