– Det var som om alt berre kollapsa rundt meg.
For tre månader sidan hadde Sondre Hofstedt skriftleg eksamen i psykologi ved Høgskolen i Innlandet.
Då han skulle ta seg ein dopause gav han frå seg mobilen, som han hadde på flymodus i lomma, til ein av eksamensvaktene.
Studentkullet til Sondre blir rekna som «korona-kullet». Dei er ferske på skuleeksamenar. Sondre hadde ikkje fått med seg at mobilen skulle pakkast vekk i sekken.
25-åringen fortel at han handla i god tru og at han har vore samvitsfull når han leverte frå seg mobilen.
Men det var ikkje tillate med tilgjengelege hjelpemiddel under denne eksamenen, og Sondre vart derfor teken for fusk. Resultatet vart utestenging i eit halvt år og annullering av eksamen.
– Eg burde sjølvsagt halde kjeft og ikkje sagt noko. Ein blir ikkje utestengd for å ha mobilen i lomma, men ein blir utestengd for å gi den frå seg, seier han.
Sondre har klaga på vedtaket om utestenging. Advokaten til 25-åringen meiner klagenemnda til høgskulen ikkje har lagt nok vekt på dei bevisa som er.
Reagerer på behandlinga
Psykologieksamenen varte frå klokka 9:00 til 13:00 torsdag den 3. november.
I forsøk på å bevise at det ikkje var nokon aktivitet på mobilen i dette tidsrommet tok Sondre skjermbilete av mobilbruken hans frå denne dagen.
Bileta viser at mobilen ikkje var aktiv i det tidsrommet eksamenen skjedde:
Over kan du se hvilke apper som var i bruk dagen Sondre tok eksamen. Sveiper du videre kan du se i hvilket tidsrom disse var i bruk.
Snapchat, Rif og Instagram ble brukt både før og etter eksamen. Men det skal ikke ha vært aktivitet på disse mellom 09:00-13:00.
Det samme gjelder for Spotify, Chrome og Messenger.
Andre apper som var i bruk denne dagen var Meldinger, Letterboxd og Gmail. Heller ikke disse viser noen aktivitet under eksamens-tidsrommet.
De siste fire appene som ble brukt av Sondre denne dagen var YouTube, Telefon, Foto og Canvas Student. Heller ikke disse skal ha vært åpnet i tidsrommet eksamen fant sted.
Men at Sondre ikkje brukte mobilen i denne perioden hjelper ikkje.
Reglane for Høgskolen i Innlandet er klare: «Det å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen blir rekna som fusk eller forsøk på fusk».
I eit møtereferat frå høgskulen, som NRK har fått tilsendt, står det at «(...) det problematiske er at studenten hadde telefonen tilgjengeleg. Moglegheita for fusk var der».
Sondre reagerer på at studentar som ikkje juksar blir likt behandla som dei som faktisk juksar, eller som har prøvd på dette.
– Alle har høvet til å fuske på eksamen. Gitt denne tankegangen bør alle blir tekne for fusk. Ein skulle tru at systemet skal irettesette og straffe dei som faktisk har juksa. Det einaste dei oppnår i dette tilfellet er å straffe nokon dei sjølv anerkjenner ikkje har juksa.
BEKYMRA: Det er langt mindre sannsynleg at eg kjem inn på master no, ettersom det ikkje er sikkert at eg klarer å rette opp igjen karakteren eg hadde i emnet dette omhandlar.
Foto: Daniel Risan– Ein skal utvise varsemd
Skuleleiinga ved Høgskolen i Innlandet ønsker ikkje å kommentere enkeltsaker, men meiner lovverket er tydeleg.
– Lovverket skil ikkje på om du faktisk bruker hjelpemiddel, eller om du har det tilgjengeleg. Det som er heilt tydeleg er at ein ikkje skal ha tilgjengelege hjelpemiddel.
Det seier Prorektor for Utdanning ved Høgskolen i Innlandet, Stine Grønvold.
Ho fortel at dei ser at nokre studentar ikkje viser nok varsemd når det gjeld bruken av ulovlege hjelpemiddel under eksamen.
– Det handlar om at ein i ein eksamenssituasjon skal vere skjerpa. Ein skal utvise varsemd og vere påpasseleg på at ein tek omsyn til reglane.
LIKT FOR ALLE: Grønvold seier høgskulen ønsker å ha tydelege reglar som er lik for alle. Det skal ikkje vere tvil om kva som er rett og gale, fortel ho.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK– Eg forstår at kvar og ein situasjon blir oppfatta ulik når ein trekker fram enkeltsaker. Men når studentane våre går ut frå Høgskolen skal vi alle vere med på å sikre at det ikkje blir sådd tvil om kvaliteten på vitnemålet.
– Vi må handheve desse reglane, slik at vi held oppe tilliten til det norske utdanningssystemet, seier ho.
I håp om å redusere talet på fusk-saker hadde nyleg Høgskolen eit webinar om temaet.
– Det handlar om tendensar vi har sett i eigentleg heile utdanningsverksemda nasjonalt. Fokuset på fusk aukar, og det blir oppdaga fleire saker. Vi ønsker å finne ut kva vi kan gjere for å sikre oss at studentane ikkje kjem i den situasjonen at dei blir tekne for juks, seier Grønvold.
Meiner reglane bør opp til diskusjon
Birk Arildssønn Blekken er leiar av Arbeidsutvalet ved Studentorganisasjonen i Innlandet.
Han meiner dagens reglar er for absolutte.
– Kanskje er det på tide at vi har ein større diskusjon om dei fuskereglane vi har eigentleg er rette og rettferdige. Målet er trass alt å utdanne flest mogleg dyktige fagutøvarar – ikkje nødvendigvis å vere politi og jakte på skurkar.
Kjersti Brevik Møller, Sondre sin advokat, meiner regelverket er uklart. Ho ønsker at klagenemnda skal bruke meir tid på saka.
– Det er eit ganske alvorleg vedtak. Vi meiner at klagenemnda til høgskulen ikkje har lagt ordentleg vekt på dei bevisa som er, og at dei ikkje har vurdert dei grundig nok opp mot vedtaket.
KAN FÅ DET GJORT OM: Kjersti Brevik Møller trur Sondre kan ha eit høve til å få gjort om vedtaket.
Foto: brevikmoller.noMøller kallar uttalen frå skuleleiinga for snevrar.
– Det er ikkje eit veldig klart regelverk, og høgskular og universiteta praktiserer heller ikkje dette likt. Det er ikkje ein heilt rett fram sak. Sånn sett tenker eg at Sondre har eit høve til å få gjort om vedtaket.
Bekymra for eiga framtid
Sondre reagerer på at høgskulen står så hardt på sitt. Han meiner skuleleiinga manglar forståing for saka hans.
UTE: – Eg kjenner meg snytt. Det er også leitt med tanke på kollokviegrupper og alt samarbeidet vi har hatt – å ikkje kunne halde fram med å delta i det fellesskapet.
Foto: Daniel Risan25-åringen fortel at planen vidare var å søke på psykologstudium i Danmark. Men no er han bekymra for eiga framtid.
– Det er forferdeleg frustrerande. Med det snittet eg eventuelt har då, så er det ikkje sikkert at eg i heile teke får studert det eg vil studere vidare.