Kontrollar av hyttebygging i Valdres har avdekt fleire ulovlege forhold.
Den store byggeaktiviteten i mange hytteområde i Oppland har fanga styresmaktene si interesse.
Omfattande kontrollar er så langt gjennomført i alle kommunane i Valdres, samt på Bjorli. Til saman 60 verksemder og 106 tilsette er gått nærare etter i saumane.
Og likningskontora har funne mykje å setja fingeren på.
I ein del tilfelle er arbeidstakarar ikkje innmeldt i Arbeidstakerregisteret, slik lova krev.
Bjørg Hagen, kontrollsjef ved Oppland fylkesskattekontor, varslar fleire kontrollar i tida framover.
Resultatet av kontrollane:
* 4 verksemder var ikkje registrert i meirverdiavgiftsmantallet.
* Ytterlegare 3 verksemder har ikkje levert omsetningsoppgåver for 2004.
* 4 verksemder har ikkje levert sjølvmelding for 2003.
* 16 personar var ikkje innmeldt i AA registeret.
Forebygge kriminalitet
- Resultata så langt peikar klart i retning av fleire kontrollar i tida framover, seier kontrollsjef ved Oppland fylkesskattekontor, Bjørg Hagen.
Målet med kontrollane er å forebygge og å avdekke skatte- og avgiftskriminalitet.
Blir følgd opp
Samstundes gjev Skatteetaten informasjon og veiledning om reglar på staden der kontrollen foregår.
Fokus er spesielt retta mot at verksemdene er registrert i meirverdiavgiftsmanntalet, og at dei tilsette er registrert i Arbeidstakarregisteret.
Fleire av verksemdene vil bli følgd opp i ettertid.