Hopp til innhold

Køyrer Noreg på langs 67 gonger – naturvernforbundet reagerer

Halvparten av snøskuterkøyringa til SNO kjem av meir rovviltarbeid. – Staten må vere eit forbilde.

I fjor vart rekordmange bøtelagt for ulovleg skuterkøyring i Noreg. Men også dei som handhevar lovverket køyrer stadig meir snøskuter i sårbar natur.

I løpet av nokre få vintermånader køyrer Statens naturoppsyn ei distanse med snøskuter som er lik Noreg på langs 67 gonger.

Frå 2017 til 2021 har skuterkøyringa til SNO ei årleg auke i snitt på 450 mil.

Morten Kjørstad er direktør i Statens Naturoppsyn. Han sier det er for risikabelt å flytte bjørnene nå.
Foto: Geir Mogen / Geir Mogen

Direktør Morten Kjørstad seier at nær halvparten er snøskuterkøyringa skjer i verneområde og nasjonalparkar.

– At det har vore ei auke over år, handlar om at vi har fått fleire oppgåver som krev bruk av snøskuter, seier Morten Kjørstad i Statens naturoppsyn.

Og det er særleg eitt arbeidsområde som skil seg ut. Nær halvparten av den samla skutekøyringa skjer i samband med rovviltarbeid.

SNO merker ulv med radiosender

ARBEID MED STORE ROVDYR står for om lag halvparten av den samla skutekøyringa til SNO. Her merker SNO ulv med radiosendar i Hedmark.

Foto: Per Magnussen

Køyrer når vi må

SNO har heimel til å bruke motoriserte køyretøy i utmark. Heimla både i motorferdselslova og i naturoppsynslova.

Så der arbeidsoppgåvene krev motorisert transport, står SNO fritt til å køyre.

– Køyringa må sjølvsagt vera naudsynt, men når det er behov for skuter har vi høve til det i lova. Det er ei vurdering SNO gjer sjølve, seier direktør Morten Kjørstad.

Direktøren seier han kan forstå at folk reagerer på skuterkøyring, men seier at det er eit naudsynt arbeidsreiskap for SNO.

Illustrasjonsbilde av SNO og Politiet på skuter.

KONTROLLVERKSEMD utgjer om lag 20 prosent av Statens naturoppsyns samla skuterkøyring. I 2015 fekk Miljødirektoratet/SNO ei føring frå departementet om å forsterke kontrollinnsatsen.

Foto: Miljødirektoratet

Han trekker fram arbeidet med skrantesjuke som eit oppdrag som har kravd mykje skuterkøyring.

– Dette er eit døme på ei arbeidsoppgåve som ikkje var der før skrantesjuka dukka opp, seier han.

Les også Ørjan kjører snøskuter kun for å herje: – Jeg kalkulerer med en årlig bot på 12.000 kroner

Ørjan Digre mener skuterkjørere som vil leke seg bør få egne områder til dette

Rovviltarbeid

Morten Kjørstad seier det er vanskeleg å koma med eksakte tal på snøskuteraktiviteten, fordi han vil variere frå år til år, men dei har rekna litt på det.

– Det ser ut som vi køyrer om lag like mykje i nasjonalparkar og verneområde som utanfor, seier Kjørstad.

Mellom anna er arbeidet med mating og utsetjing av fjellrev eit arbeid som krev skuterkøyring i fleire nasjonalparkar.

– Vi har nokre verneområde der vi nesten aldri køyrer snøskuter, medan vi har andre nasjonalparkar der vi brukar snøskuter i stor grad.

Leiaren i naturvernforbundet, Truls Gulowsen, reagerer på at nær halvparten av køyringa er knytt til rovviltarbeid.

Truls Gulowsen

NATURVERNFORBUNDET meiner scooterkøyringa som må til for å hente inn detaljert kunnskap om rovdyra er med på å forstyrre dyrelivet.

– Det har vorte ekstreme krav om detaljkunnskap til kvar rovdyra er til ei kvar tid, i staden for å satse på ein levedyktig bestand, seier Gulowsen.

Han meiner auka skuterkøyring er ein direkte konsekvens av rovviltpolitikken som blir ført.

– Dei urealistiske krava som blir stilt til rovdyrkunnskap er i seg sjølv eit bidrag til å uroe både rovdyr og andre sårbare artar, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Klima- og miljødepartementet seier i ein e-post til NRK at det er viktig at SNO får utført oppgåvene sine knytt til rovvilt eller oppfølging av ulovlegheiter i og utanfor verneområda.

Etter det departementet kjenner til, prøver SNO generelt å avgrense omfanget av køyring mest mogleg – både av miljøomsyn og av omsyn til dei tilsettes tryggleik og helse.

Les også Nå kommer el-snøskuteren for fullt: – Støy- og utslippsdebatten kan legges død

Elskutere på demo i Canada.

Må vere eit forbilde

Generalsekretær i Verdens naturfond (WWF), Karoline Andaur, reagerer også på omfanget. Ho vil at staten skal tenke seg om før dei brukar motorkøyretøy i utmarka.

Det er viktig å ta omsyn og vere ekstra restriktiv i verneområde og nasjonalparkar, spesielt i den sårbare paringstida, seier ho.

Generalsekretær Karoline Andaur i wwf

TENKE SEG MEIR OM: WWF håpar SNO tek omsyn til kva tid dei brukar motorkøyretøy.

Foto: wwf / pressebilde

Andaur understrekar at dyra ikkje skil på om det er statlege eller private som køyrer der dei lever.

Her må staten vere et forbilde og avgrense bruken så mykje som mogleg. Det har også ein signaleffekt til andre aktørar.

WWF er likevel opne for at kva slags køyretøy SNO brukar kan ha noko å seie, og at elektriske snøskuterar kan vere betre i tilfella der tilsette må kome seg fram.

Ynskje om å redusere

Kjørstad meiner SNO har eit veldig bevisst forhold til eige skuterkøyring i utmark, og at dei også kursar eigne tilsette i å ta omsyn til natur, dyr og folk.

– Målet er å køyre på ein måte som ikkje er til sjenanse for andre.

SNO er nå i gang med å sjå på alternative måtar å utføre arbeidsoppgåvene på.

– Vi er allereie i gang med å teste ut dronar på enkelte arbeidsoppgåver, seier Kjørstad.

I arbeidet med skrantesjuke er noko av jobben å ha kontroll på reinflokkane så dei ikkje blandar seg med kvarandre. Der meiner SNO at dronar i stor grad kan spara framtidig skuterkøyring.

– Det same gjer vi nå innan rovviltarbeidet. Dette vil vonleg redusere skuterkøyringa vår.

Les også Skeptisk til elsykkel etter prøveår

Hit, men ikke lenger. Elsyklist må stoppe før bommen.

Flere saker fra Innlandet