Hopp til innhold

Snart fri mann

Høgsterett har sett ned straffa for Ringsakermannen som er dømt etter bombeattentatet mot Bandidos-hovudkvarteret i Drammen i 1997.

Angrep mot Bandidos i Drammen
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

45-åringen frå Ringsaker vart dømt til 12 års fengsel, men nå har høgsterett sett den endelege straffa til ni år, skriv Dagbladet.no.

Mannen har seti mange år i varetekt, og den reduserte straffa inneber at han snart er ein fri mann, seier forsvareren hans John Christian Elden.

Saken har gått gjennom absolutt alle nivåa i rettssystemet fleire gonger.

Flere saker fra Innlandet