Etter at miljødirektoratet har konkludert med at innføring av mørk jordhumle som ikkje er rømningssikre er i strid med naturmangfaldslova, så er det no slutt på humleimport til Noreg. Det gjer no at Hamar-firmaet Norgro AS sluttar med import av humler.
– Miljødirektoratet har foreløpig sagt at import av humler vil kunne medføre brudd på naturmangfoldsloven, så då har me bestemt oss for å slutte med humleimport, seier Arne Gillund som er fagsjef i Norgro AS til NRK.
Den utanlandske mørke jordhumla har frå 2011 vore mogeleg å importere til Noreg for bruk i drivhus, mellom anna til pollinering av tomatplanter.
– Importerte individ kan både overføre genetisk materiale til humler av same art som høyrer heime her i landet, kan fortrengje andre humleartar og kan overføre smittsame sjukdomar og parasittar, seier Bjarte Rambjør Heide som er seksjonsleiar i Miljødirektoratet i ei pressemelding frå Miljødirektoratet.
Glad for stopp av import
At det no vert slutt på humleimport er godt likt av Lars Haltbrekken som er leiar i Naturvernforbundet. Det seier han i ei pressemelding Naturvernforbundet har kome med.
– Det er eit kjærkomme skritt i riktig retning at Norgro nå har stanset sin humleimport, seier han.
– For å sikre bestøvninga av både nytteplanter og vill natur, så må me ta vare på dei norske humlebestandene, legg han til.
Vart meldt
Hamar-firmaet Norgro AS blei i vår meldt for humleimport, nettopp fordi humlene dei importerte var i strid med naturmangfaldslova.
Det var naturvernforbundet og samarbeidet for biologisk mangfald som anmeldte Nordgro fordi dei meinar dei utanlandske humlene er ein trussel mot dei norske humlene.
- Les òg:
No har Miljødirektoratet konkludert med det same. Gillund i Nordgro AS meinar dei fylgde det regelverket som låg til grunne då dei importerte sine humler.
– I fylgje det regelverket som låg til grunn så meiner me at Nordgro har drive importen riktig, men i og med at Miljødirektoratet no meinar at det er ulovleg så har me ikkje noko anna val enn å slutte med det, seier Gillund.
I fylgje Miljødirektoratet har samarbeidet med Norgro vore bra. Og når det no blir forbudt å innføre utanlandske humler og bruke dei i drivhus som ikkje er rømningssikre, så kjem det enno til å vera nokre importhumler att i Noreg i ei tid framover.
– Humlene me har no vil bli destruert etter kvart som dei er ferdig med jobben sin, så etter sommaren har me ikkje desse humlene meir, seier Gillund.