Hopp til innhold

Ekspertanes tips for smart bruk av feriepengane

Anna Reistad (20) bruker feriepengane på bolig. Les forbrukarøkonomanes tips til deg som har fått litt ekstra på konto nå.

Anna Reistad på Volt CC HAmar

FORNUFTIG: Anna Reistad (20) skal flytte til Trondheim for å studere til hausten. Ho må difor bruke årets feriepengar fornuftig.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Nesten halvparten, 45 prosent, av oss vil bruke feriepengane på nettopp ferie i år. Det kjem fram i ei fersk undersøking Ipsos har gjort for DNB.

Då 20-åringen Anna Reistad fekk feriepengar for fyrste gong i fjor, brukte ho ein del av dei på ein tur til Praha.

Men i år går alle feriepengane til depositum når ho flyttar til Trondheim til hausten.

– Det er jo tre gonger husleige pluss juli, ein månad eg ikkje skal bu der. Så da treng eg ekstra pengar før eg får studielån.

Anna Reistad på Volt CC HAmar

– Feriepengar er ekstra pengar som du ikkje heilt forventar å få. Eller, du forventar det, men det blir jo ekstra pengar, så det er greitt å berre sette det av, seier Anna Reistad.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Ho vedgår at ho klør etter å bruke pengane på heilt andre ting.

– Men eg veit at eg hadde angra om eg berre hadde sløst bort pengane, når eg uansett måtte betale depositum.

Les kva for andre gode råd forbrukarøkonomane har til deg, om du gjer som Anna og ikkje brenn av alle pengane på ferie.

Ikkje føl deg rik

Først og fremst: det er fort gjort å føle at ein har mange pengar når feriepengane kjem.

Spareøkonom hos Storebrand, Fredrikke Gregorson, åtvarar mot nettopp dette, og å bruke pengane på impuls.

– Eg anbefaler å tenke gjennom kva ein eigentleg vil bruke pengane på. Kva gir deg mest glede og verdi, no og i framtida? Da vil ein kanskje sjå at det er lurt å spare ein del av dei pengane, seier ho.

Spareøkonom Fredrikke Gregorson i Storebrand

Spareøkonom Fredrikke Gregorson i Storebrand.

Foto: Jan Tore Eriksen

– Å ha pengar i bakhand kan gi deg ei ro og tryggleik som ein ikkje skal undervurdere. Og investerer du pengane, vil dei kunne vekse til å gi deg mykje meir igjen om nokre år.

Betal ned smålån og dyr gjeld

Kredittkortgjeld, forbrukslån eller anna dyr gjeld er det lurt å kvitte seg med så raskt som mogleg.

Her er rentene ofte høge, og små beløp kan raskt vekse seg store.

Derfor bør nedbetaling av slike lån stå høgt oppe på prioriteringslista.

Penger og kort

Skal du på ferie, kan det vere ein tryggleik å betale reisa med eit kredittkort, men ikkje ta heile ferien på krita. Det kan fort koste meir enn det smakar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Om ein har dyr gjeld, kan dette vere eit fint høve til å kvitte seg med det først, seier forbrukarøkonom Derya Incerdursun i Nordea.

– Betaler du for eksempel 5000 kroner i månaden på dyr gjeld, kan denne summen lett flyttast til sparing eller noko anna etter at gjelda er nedbetalt.

Hva skal du bruke feriepengene dine på🏝️💰

Fyll opp bufferen

Feriepengane kan også vere eit godt høve til å fylle opp bufferkontoen.

– Har du ikkje dyr gjeld, kan det vere smart å begynne å spare opp ein buffer eller fylle på den du allereie har for uventa utgifter, seier Incerdursun.

Derya Incedursun, Nordea

Forbrukarøkonom Derya Incerdursun i Nordea.

Foto: Øystein Løwer

Kor mykje ein bør ha på ein bufferkonto bør tilpassast livssituasjonen og økonomien til den enkelte.

Ein tommelfingerregel er å ha ein bufferkonto lik tre månadslønningar, men det passar ikkje alle.

– Ein bør først sjå på dei faste månadlege utgiftene sine som bustad, mat, transport og forsikring. I tillegg bør ein vurdere moglege uventa utgifter som kan oppstå, seier forbrukarøkonomen.

I tillegg speler arbeidssituasjon, personlege forhold som forsørgaransvar og helseutfordringar inn.

– For eksempel bør ein med usikker inntekt, høge faste utgifter og eldre eigedelar ha ein større bufferkonto enn ein med stabil jobb, låge utgifter og gode forsikringar, seier Incerdursun.

Fyll opp BSU

Er du under 34 år, bør du også prioritere å bustadsparing for ungdom (BSU).

Det er ei spareordning som er særleg gunstig for unge vaksne som sparer til å kjøpe seg bustad.

Pengane som blir sparte i ein sånn type konto, kan brukast som eigenkapital når du ein gong skal kjøpe din første bustad.

Les også Elise (28) er på jakt etter første bolig – må ha hjelp fra mor og far

visning , boligmarked ungdommer boligpris

– Dette er risikofri sparing, du får den beste renta til banken og skattefrådrag, seier spareøkonom Gregorson hos Storebrand.

I løpet av eitt år kan du sette inn maksimalt 27 500 kroner på BSU. For alt du set inn i løpet av eitt år, får du 10 prosent skattefrådrag.

Spar i fond

Om du har ein lang tidshorisont, kan det å spare i fond vere både lurt og lønnsamt.

– Det første ein bør gjere, er å vurdere eigen risikotoleranse og investeringshorisont, seier Incerdursun i Nordea.

For langsiktig tidsperspektiv kan aksjefond vere eit godt alternativ, seier ho.

– Denne spareforma kan gi god avkastning over tid dersom du har ein sparehorisont på minst fem år og er villig til å ta ein viss risiko.

Om ein vil vere meir forsiktig, kan ein vurdere rentefond, obligasjonar eller høgrentekonto.

Er målet ditt derimot neste års ferie, så bør du investere i alternativ med lågare risiko.

– Da er sparekonto beste alternativ, meiner Gregorson hos Storebrand.

Gi pengar til veldedige organisasjonar

Om du vil bruke noko av feriepengane på velgjerd, bør du søke informasjon om dei du ønsker å støtte, meiner forbrukarøkonomane.

– Sjå etter kven som har god økonomistyring og som rapporterer om korleis midlane deira blir brukte, seier Incerdursun.

Nærbilde av ulike mynter som ligger oppå norske pengesedler i gult, blått og rødt.

Du kan få skattefrådrag om du støtter veldedige organisasjonar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Tenk på kva som er viktig og rett for deg å støtte, om det er det lokale idrettslaget eller ein ideell organisasjon – eller kanskje begge deler, seier Bjørn Waarner, banksjef hos DNB på Lillehammer.

Visste du at du kan få skattefrådrag på gåver til velgjerd også?

Gå inn på nettsida til skatteetaten for å sjå om organisasjonen du ønsker å støtte står på lista over organisasjonar som gir skattefrådrag.

Les også Mange kjenner seg makteslause: Her er sju ting du kan gjere om du vil hjelpe

Eskil Roos Mangrud står i teltleiren for Palestina ved NTNU Gløshaugen.

Kos deg!

Feriepengar heiter trass alt feriepengar.

Det er viktig å hugse på at dette faktisk er eit opptent gode som du har spart deg opp gjennom året.

Solsenger og blått hav i Syden

Dei aller fleste av oss skal bruke feriepengane på ferie. Då bør du planlegge godt, meiner forbrukarøkonomane.

Foto: Petter Strøm / NRK

Om du vil bruke feriepengane på ferie, er tipsa å planlegge godt, slik at du får mest mogleg ut av pengane.

– Her kan ein til dømes sette opp eit feriebudsjett med blant anna kostnader til reise, overnatting, mat og aktivitetar. Det kan også vere lurt å sette av litt ekstra til uventa utgifter på ferie òg, seier Incerdursun.

Les også Blir ferien dyr? Slik kan du spare

Mann i t skjorte og shorts står på en klippe med hav i bakgrunnen.

Feriebudsjett er også noko Waarner hos DNB anbefaler.

– Ikkje la feriepengane brenne i lomma. Få oversikt over utgiftene og kva ferien vil koste. Mitt råd er å ikkje la alle pengane stå på brukskonto.

Euro

Om du skal utanlands, bør du tenke på at ein får mindre for den norske krona no enn det ein gjorde før.

Foto: JEAN-SEBASTIEN EVRARD / AFP

Og om du skal reise utanlands, er det ein ting til du bør tenke på:

– Da er det viktig å hugse på at prisane har stige. Mange stader får du nå mindre for den norske krona enn før, seier Waarner.

Valutakurser per 14. juni

Valuta

I norske kroner

100 danske kroner

152,84 kroner

100 svenske kroner

101,15 kroner

1 euro

11,40 kroner

1 amerikansk dollar

10,67 kroner

1 britisk pund

13,54 kroner

Valutakursar frå Noregs Bank. Sist oppdatert 14.6.2024

– Det er også ein tryggleik i å betale reisa med eit kredittkort, men ikkje ta heile ferien på krita. Det kan fort koste meir enn det smaker, seier Waarner.

Flere saker fra Innlandet

Hundeangrep brumunddal

Hundeangrepet i Ringsaker: Rottweileren er avlivet

bier og honning på brett fra bikube i Skien

Kan bli lite honning i sommer