Turistvert Rune Sundt på Grimsdalshytta, nord i Rondane, er lei seg. Nå må han halde stengt for tredje år på rad.
Først to år med pandemi, nå eitt år med snømangel.
– Vi hadde gledd oss til å endeleg å opne hytta og ta imot påsketuristar. Det er trist at vi må halde stengt, seier Sundt.
Andre plassar i Noreg, til dømes i Trøndelag, er det så mykje snø at det har vore tidkrevjande å spa fram hyttene.
Lenger sør er det stutt veg mellom berrflekkane.
Det er DNT Oslo og omland som i samråd med turistvertane har bestemt å halde stengt på Grimsdalshytta, Bjørnhollia og Øvre Dørålseter i Rondane.
I tillegg blir det stengt på Liomseter i Langsua nasjonalpark i Gausdal.
Også i Hallingdal og på Hardangervidda blir det meldt om lite snø for årstida, men det ligg meir snø til lenger vest ein kjem i desse områda.
Mange plassar på Vestlandet og i Nord-Noreg har mykje snø denne våren.
- Her kan du sjølv sjekke snøkartet over Noreg.
Rondvassbu, midt i Rondane, held ope. Her er det meldt om brukbare snøtilhøve.
Men derfrå må du gå dagsturar, sidan dei andre hyttene i same løypenett er stengt. Difor blir heller ikkje løypene stukke, ifølge DNT.
Halvparten av normalen
Ifølge NHO Reiseliv skal annankvar nordmann på påskeferie i år.
85 prosent av dei legg opp til noregsferie. Det er det høgste talet som er målt sidan undersøkinga starta i 2014.
Men samstundes kan Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) stadfeste at det er rekordlite snø mange stader i Sør-Noreg.
– Det er berre halvparten av det som er målt som normalt. Ja, det er faktisk topp tre lite snø på stader som Atna i Nord-Østerdal og på Sjusjøen i Ringsaker. Det seier Hallgeir Elvehøy i NVE.
Det har vore mildt og lite nedbør gjennom heile vinteren, og spesielt lite nedbør og mildvêr har det vore i mars.
Vinteren 1996 og vinteren 2012 er dei to andre snøfattige vintrane i nyare tid.
Men nå er det meldt kjølig vêr heilt fram til påske, så den snøen som er, blir liggande.
– Men berrflekkane vil vekse fordi dei tinar i sola om dagen. Så det kan bli fine flekkar å sitte og raste på, seier Elvehøy.
Hvor skal du feire påske?
Måtte grave fram inngangen
Om du kjem lenger vest i fjellet, t.d. vest i Jotunheimen, er det mykje meir snø, nokre plassar nesten meir enn normalt. Like eins i Trøndelag og i Nord-Noreg.
Målingar som NVE gjorde 17. mars viste rekordmykje snø på toppen av Vangslia i Oppdal.
Det er meldt påfyll med snø og kuldegradar framover, så det blir godt med snø att til påske.
I Tydal i Trøndelag er det så mykje snø at det er ein stor jobb for dei tilsette på turisthytta Storerikvollen å grave ho fram att.
Anette Berglund er vertinne på Storerikvollen, og ho melder om strålande forhold. Men det har vore ein krevjande jobb å komme seg inn.
– Det blei mange kubikk med snø, seier ho, men melder om at det nå straks er klart for gjestene.
Jonny Remmereit i Trondheims turistforeining seier at det nå blir jobba på spreng i alle hyttene i Trøndelag for å gjere klart til påske.
– Det blir moka snø, bestilt mat, og på alle måtar gjort klart for gjestene. Og vi stikk løyper mellom hyttene. Det er magisk å kunne opne opp utan koronarestriksjonar, seier Remmereit.
Øyerfjellet: Aldri opplevd mindre snø
Michelle Hasle bur til vanleg i Oslo, men har halde til på hytta i Hafjell med heimekontor dei siste månadene.
Ho trener for å delta på Troll Ski Maraton til helga, der ho skal gå den 95 kilometer lange distansen frå Venabu til Sjusjøen.
Ho har utnytta skiløypene trass i at det ikkje har vore like mykje snø som før.
– Eg kan ikkje hugse sist det var så lite snø her i mars. Men jammen meg har løypekøyrarane vore flinke og fått til fine løyper med den vesle snøen som har vore, seier ho.
Ho har trua på påskeferien.
– Eg har trua på at det blir snø og «nikkersføre».