Skulle skytast trass lisensjakt

Dei to ulvane som vart skotne i Rendalen i går skulle skytast uavhengig av lisensjakt seinare på året, seier leiar Elisabeth Gjems i Hedmark Bondelag. Ho seier det har vore klart lenge at ulveparet skulle skytast, og at det vart gjort på overtid.