Hopp til innhold

Hunden Zavannah (6) var nær ved å drukne – redda av brør på fisketur

John Arne og Per Christian Holmlund drog ut for å fiske aure, men kom tilbake med ein sliten, firbeint seksåring.

Fv Per Christian Holmlund, JOhans Nomeland og John Arne Holmlung

GODE HJELPARAR: Per Christian Arne Holmlund (til venstre), Johans Nomeland og John Arne Holmlund med Zavannah (6) rett etter at dei kom i hus.

Foto: Privat

Utan brørne Holmlund kunne rømlingseventyret til Zavannah (6) enda tragisk.

Idet brørne rodde ut på Avsjøen på Dovrefjell laurdag, fekk dei auge på ein mann på land som veiva frenetisk med armane.

Dei klarte ikkje å høyre ropet hans, men forstod at dei måtte skunde seg rundt ei øy i vatnet.

– Kroppsspråket var tydeleg. Det stod om liv og død, seier John Arne.

– Slapp ikkje blikket

Då brørne rodde rundt øya, fekk dei auge på henne.

Ein liten hund på rundt ti kilo som kava i ring.

– Ho var openbert heilt utsliten, og i ferd med å drukne. Det var berre toppen av hovudet på bikkja som var synleg over vatnet.

Men da redningsmennene nærma seg, må det ha gitt hunden fornya styrke. For ho byrja å svømme mot dei, fortel John Arne.

Vel om bord blei den vesle hunden inntulla i ein genser og trygt plassert på fanget til Per Christian.

– Ho hadde heftige frostrier, og såg godt på bror min. Ho slapp ikkje blikket hans, fortel John Arne.

John Arne Holmlung på Avsjøen

Per Christian Holmlund i robåten på Avsjøen, der han og broren John Arne til vanleg koplar av med aurefiske.

Foto: Privat

På rømmen i ti dagar

Det viste seg at hunden, ein seks år gammal Shetland sheepdog kalla Zavannah, hadde vore på rømmen i ti dagar.

Ho forsvann frå Hageseter på Dovrefjell i slutten av juli, ei forsvinning som i starten skapte stort engasjement med søk med frivillige og dronar.

Johans Nomeland er innehavar av overnattingsstaden Dovregubbens Hall. Han fortel at det var forbikøyrande på E6 som hadde oppdaga Zavannah, og prøvd å fange henne utan hell.

Slik hamna Zavannah i vatnet.

– Ei solskinshistorie

Johans skunda seg ut da han fekk høyre om hunden.

Ved vatnet fekk han auge på brørne, og fekk gaula til dei at dei måtte snu og redde hunden.

– Ho hadde blitt mager etter ti dagar på rømmen, men var ved godt mot, seier Johans om augeblinken dei fekk henne på land.

– Det er jo ei solskinshistorie, for ho sprang jo på E6 og kunne like godt blitt ihjelkjørt, og ho kunne ha drukna i vatnet. Men heldigvis var desse to fiskarane der ute, så alt klaffa for at denne hunden skulle bli redda.

Sissel Tangnes som eig Zavannah var på ein hundeutstilling då ho fekk ein telefon frå overnattingsstaden om det som føregjekk. Ho fekk først beskjed om at hunden hadde hoppa ut i vatnet. Så kom ein ny telefon om at ho var berga.

– Det var heilt uverkeleg at ho var funne i live og det kom mange tårer den dagen, både frå oss og mange på utstillinga vi var på.

Ho takkar både drivarane av Dovregubbens hall og fiskarane som fekk berga henne.

Flere saker fra Innlandet

Kristian Reinfjord og Per Øyvind Riise

Fant middelalderby under et jorde: – Helt vanvittig!