Samtidig seier 23 prosent ja til fri jakt på ulv, skriv Nationen.
Senterpartiet har i forslag til nytt program lansert ideen om fri jakt på ulv i Noreg frå hausten 2013. Det er også blant Sps veljarar at stemninga er størst for å utrydde gråbein. Men også blant veljarane i Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti er
skytegleda stor, ifølgje undersøkinga.
Veljarane til Høgre og Arbeidarpartiet svarer omtrent som landsgjennomsnittet. Men også i rovdyrpartia Sosialistisk Venstreparti og Venstre finst det gråbeinmotstandarar. Kvar sjette veljar i desse to partia støttar fri ulvejakt.
- LES OGSÅ: Kraftig nedgang i rovviltskader
Både forkjemparar og motstandarar tolkar undersøkinga på sine føretrekte måtar. Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk meiner undersøkinga viser at ulveskepsis no har gjenklang i alle veljargrupper. Norges Naturvernforbund viser på si side til at eit stort fleirtal er motstandarar av fri jakt på ulv.
Småbrukarlagets leiar, Merete Furuberg, er ikkje overraska over at nesten ein av fire vil skyte ulv. Ho trur endå fleire ville ha sagt ja til fri jakt på ulv dersom spørsmålet i undersøkinga var blitt stilt annleis.
– Eg har høyrt folk som tolkar Sps ja til fri jakt som at det skal drivast jaktnæring på ein norsk ulvestamme. Folk som ikkje ønskjer ynglande ulv i Noreg, kan ha svart nei på spørsmålet om fri jakt, seier Furuberg.
- LES OGSÅ: – Nå er det duket for rovdyrvalg