Les: Kan ende i tvungen lønnsnemnd. Sjukehusa blir ramma.
To YS-forbund og eitt LO-forbund har tatt ut sjåførar hjå matgrossistar i Hedmark i streik.
Årsaka er at meklinga med Handelsnæringsnes hovedorganisasjon, HSH, ikkje førte fram tysdag kveld.
Ikkje alle blir ramma
COOP-butikkane blir ikkje ramma av matvarestreik.
Det blir heller ikkje butikkar i Valdres, på Hadeland og sør i Hedmark.

Det kan bli tynt i butikkhyllene dersom sjåførstreiken blir langvarig.
Dei fagorganiserte krev at dei får 1,4 prosent tillegg til løna, slik at det kan betale delar av fagforeiningskontingenten.
- Alle er tilsett i ulike typar mat-grossistfirmaer, som Asko, Bama og Køff i Hedmark.
Får ikkje matvarer
I distriktet vårt er det 150 fagorganiserte sjåførar som er tatt ut i streik.
- Dermed er det mange butikkar i Hedmark og Oppland som ikkje få tilkjørt matvarer, seier forhandlingsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Kristin Fagerheim Hammervik.
- Meklinga er litt mot normalen, fordi det ikkje er snakk om pengar, men eit prinsipp, seier Hammervik.
Les: Kan ende i tvungen lønnsnemnd. Sjukehusa blir ramma.