Hopp til innhold

Sivert (22) er vaktbikkje for 60 000 fjellfolk

– Vi unngår mange redningsaksjonar med seigmenn og ein klapp på skuldra.

Sommerjobb: Denne sommaren skal Sivert Bjørnsrud patruljere Besseggen på jakt etter folk som treng hjelp. Målet med patruljen er å unngå unødige og dyre redningsaksjonar.

SOMMARJOBB: Denne sommaren skal Sivert Bjørnsrud patruljere Besseggen på jakt etter folk som treng hjelp. Målet med patruljen er å unngå unødige og dyre redningsaksjonar.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Eg står her og ser etter kandidatar, smiler Sivert.

Vi har nettopp gått av båten ved Memurubu. Båten er full, og på brygga blir Sivert ståande og sjå på dei som går av båten.

– Dette er ein eg bør snakke med.

Sivert går bort til ein eldre mann med tynne sko og ein liten skinnsekk, og det blir klårt kva han meiner med kandidat.

– Ein ser fort om folk har budd seg for dårleg. Er det mange med flippfloppere og liten sekk, så kan det bli ein lang dag på jobb, smiler Sivert og ruslar sakte etter.

Han har berre gått åtte turar denne sommaren, men allereie spara luftambulansen for unødige redningsoppdrag.

Men denne dagen skulle intuisjonen til Sivert vise seg å stemme alt for godt.

Les også: Lei av folk som kastar snus på Besseggen

Les også: Mange treng hjelp over Besseggen

Mange som berre gjev opp

Besseggen er utan samanlikning den mest populære fjellturen i Jotunheimen, og det er også her det er aller flest redningsoppdrag.

Pål Erik Teigen

FÆRRE OPPDRAG: Stabssjef i Innlandet politidistrikt, Pål Erik Teigen, seier dei ser ein klar nedgang i redningsoppdrag etter at patruljen på Besseggen vart innført.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

– Det ser ut til å bli stadig meir populært, men vi ser også at mange undervurderer turen, seier stabssjef i Innlandet politidistrikt, Pål Erik Teigen.

Teigen fortel at det er lite alvorlege skader på Besseggen, men det er mange småskadar og mange som innser for seint at turen er for tøff.

– I slike tilfelle er det utruleg viktig for oss å ha ein person der oppe som kan handtere enkle skader og motivere dei som berre er slitne, seier Pål Erik Teigen.

For mange er ruta over Besseggen den fyrste fjellturen, og for dei mindre fjellvande som Thea Aasen er patruljen god å ha.

Thea

TRYGGLEIK: Mange er glade for å ha fjellvande folk rundt seg på turen over eggen.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Eg er ikkje så veldig fjellvant, så å ha folk rundt meg som kan det, kjennest trygt og godt, seier Thea.

Lang dag på jobb

Det er ikkje alltid det hjelper med seimenn og ein oppmuntrande prat.

Mannen med den vesle sekken som Sivert snakka til på brygga, skulle vise seg å få det tøft.

– Her er det ingen ting eg kan gjera meir, seier Sivert. Klokka halv sju om kvelden må luftambulansen tilkallast, og mannen blir frakta ut.

Dette er eit typisk redningsoppdrag her oppe, seier Sivert. Mange undervurderer turen, har med for lite mat og drikke, og blir heilt utmatta.

Besseggen

OPP EGGEN: Om lag midtvegs på turen over Besseggen kjem ein til eit smalt parti med klyving. Det er i dette området dei fleste turistane får problem.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det viktigaste er at folk har trent litt på førehand, så dei veit kva som krevst for å gå åtte timar tur i høgfjellet, seier Sivert Bjørnsrud.

Usikkert om dei får halde fram

Besseggenpatruljen er organisert gjennom firmaet Gjendeguiden, og finansiert av reiselivsaktørar og offentlege midlar.

Ørjan Venås, Gjendeguiden

GJENDEGUIDEN: Dagleg leiar Ørjan Venås håpar patruljen over Besseggen kan få finansiering for fleire år om gongen.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

Dagleg leiar Ørjan Venås seier at det kvart år er krevjande å få finansiert patruljen.

– Patruljen må finansierast år for år. Det skapar stor uforutsigbarheit for oss som skal gjennomføre og bemanne patruljen.

Dei siste ti åra har turismen dobla seg på Besseggen, og talet på redningsaksjonar har auka i takt med trafikken.

2020 var eit unnataksår, men i 2019 hadde luftambulansen, AMK og politiet 23 aksjonar på Besseggen. Åtte av desse aksjonane vart handtert av patruljen. I tillegg hindra dei 14 andre aksjonar.

Sivert Bjørnsrud fortel turistane på Besseggen kvar det er lurt å fylle vann.

GJEV RÅD: Sivert snakkar med turistane og fortel kvar dei bør fylle vassflaskene sine før dei startar på eggen.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det er heilt klart at Bessegenpatrulja har ført til færre redningsoppdrag, seier stabssjef i politiet På Erik Teigen, og håpar patruljen held fram.

Les også: Mange gir blaffen i droneforbud

Les også: 200 år sidan Jotunheimen vart oppdaga