Hopp til innhold

Sikta for hasjsal til Lillehammer

Fredag vart ein drapssikta 29 år gamal mann varetektsfengsla i Oslo, han er også sikta for å ha solgt hasj til narkotikamiljøet på Lillehammer i 2014.

Drapssiktet utlevert til Norge

LANDA I GÅR: Den drapssikta vart utlevert frå Dubai til Noreg.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Den store narkotikasaka på Lillehammer vart rulla opp våren 2013, og pågjekk til seinhausten 2014. Hundre personar vart sikta i saka, dei fleste ungdommar mellom 16 og 22 år. Sju menn vart tiltala i saka, og den antatte hovudmannen vart dømt til seks og eit halvt års fengsel.

Nyttige for bakmenn

Forsvar Øyvind Bergøy Pedersen, uttala den gongen at dei tiltala i narkotikasaken på Lillehammer var nyttige for bakmenn som nå lever i luksus i Dubai.

Aktor Jo Christian Jordet og forsvarer Øyvind Bergøy Pedersen i Sør-Gudbrandsdal tingrett

STATSADVOKAT Jo Christian Jordet var aktor i den store narkotikasaka på Lillehammer hausten 2014.

Foto: Monica Rikoll / NRK

29-åringen som nå er varetektsfengsla i fire veker, vart etterlyst internasjonalt av norsk politi, og vart pågripe i Dubai 1. september i fjor. Torsdag kom han til Noreg etter ein lang prosess for å få han utlevert frå Dei sameinte arabiske emirata.

Sikta for narkotikasal

Statsadvokat Jo Christian Jordet stadfestar at dette er same mann som tidlegare er sikta for å ha hatt ei sentral rolle i narkotikamiljøet på Lillehammer i 2013-2014.

Lillehammer-tiltalt i voldsomt gjengoppgjør

–Ja, han er sikta for å ha solgt hasj til det miljøet som fekk saka si avgjort i tingretten på Lillehammer hausten 2014, seier statsadvokat Jo Christian Jordet.

29-åringen møtte ikkje til fengslingsmøtet fredag, men han har gjeve samtykke til fire vekers varetektsfengsling, opplyser politiadvokat Tina Bjarkø Helleland i Oslo politidistrikt til NTB.

Politiadvokat Tina Bjarkø Helleland

Den 29-år gamle mannen har gjeve samtykke til fire vekers varetektsfengsling, opplyser politiadvokat Tina Bjarkø Helleland i Oslo politidistrikt

Foto: NRK

Vedkjenner seg ikkje narkotikasal

Mannens forsvarar, Ulrik Sverdrup-Thygeson, uttala til NRK fredag at hans klient nekta for å ha noko med lillehammersaka å gjere.

– Det vedkjenner han seg ikkje, seier Ulrik Sverdrup-Thygeson.

Mannen er sikta for overlagt drap og drapsforsøk eller for å ha medverka til desse forholda i samband med drap og drapsforsøk på Ensjø i Oslo i august 2012.

Den no drapssikta skal våren 2011 ha hatt eit føretak i Oslo, og er ein del av ein familie som blir knytt til omfattande kriminalitet.

– Drapet var planlagt og målrettet

Omfattande sak

I den store narkotikasaka på Lillehammer vart fleire hundre familiar direkte involvert, og slektningar og foreldre vart utsette for alvorlege trugsmål.

Fleire foreldre lånte pengar, og ein far forklarte i retten at han betalte over ein million kroner i eit forsøk på å bli kvitt sonens narkogjeld.

No ventar statsadvokat Jo Christian Jordet på at politiet skal etterforske saka.

– No er det politiet som skal etterforske saka, og så får vi vente og sjå kva utfallet av etterforskinga blir, seier statsadvokat Jo Christian Jordet.