Hopp til innhold

- Kongen er ein hyggeleg kar

Sigrid Warberg Vestheim (10) frå Øystre Slidre er ein av mange ungar som har fått møte kongeparet under deira besøk i Valdres.

Kongeparet var måndag i Øystre Slidre for å sjå på den heilt nye Rogne skule. Blant dei fyrste som fekk helse på det spreke kongeparet var 10 år gamle Sigrid.

– Kongen var ein hyggeleg kar, det var kult å treffe han, sa ho til nrk.no etter at ho hadde levert den obligatoriske blomsterbuketten.

Moderne skule

I si tale understreka kongen at å opne skular er blant det viktigaste han held på med.

– Det er barna som er framtida. Å investere i deira kunnskap er det mest fornuftige vi gjer, sa kong Harald.

Han understreka også nok ein gong kor bra han hadde det under sitt opphald i Valdres.

– Dronninga og eg opplever ei utruleg flott reise denne dagen.

– Kjem til å hugse det lenge

For Sigrid, som fekk levere blomar til kongen, vart det også ein heilt spesiell dag. Ho seier at ho kjem til å hugse denne dagen lenge. Og kommunikasjonen med kongen var god.

– Han spurde oss kva vi heitte, og om vi hadde grua oss til å møte han.

– Kva sa du da?

– Eg måtte innrømme at vi grua oss litt, men det var veldig fint at han ville kome, seier Sigrid Warberg Vestheim.

Flere saker fra Innlandet