– Grunna korona har me færre moglegheiter, og det er færre jobbar for elektrikarar. Det er vanskeleg for dei å tilsetje folk når dei ikkje har arbeid, seier Oscar Rød.
Han går på vg2 på Lillehammer vidaregåande skole, og har søkt fleire læreplassar utan å få napp.
Etter koronakrisa er det i Innlandet, som mange andre stader, spesielt store utfordringar med å skaffe læreplassar for elevar med kompetanse innan elektrofag, bygg- og anleggsteknikk, industrifag, frisørfaget, og restaurant- og matfag.
Lillehammer-elev Sondre Albrigtsen synest det er synd at berre ein av tre på linja elenergi har fått seg læreplass.
SYND: Lillehammer-elev Sondre Albrigtsen synest det er synd mange står utan læreplass.
Foto: Eskil Andersen / NRK– Det er framtida vår som står på spel. Sjølv om bedrifter slit skal me også ha svar. Me kan ikkje vente i all æve, seier Albrigtsen.
Dugnad for lærlingar
Målet no er at «Læreplassjeger-kampanjen 2020» skal kunne hjelpe over 20 000 elevar i Noreg med å få læreplass. Kampanjen er det den ideelle organisasjonen WorldSkills Norway som står bak. Dei arbeider for å heve statusen til yrkesutdanning.
Kampanjen skjer i samarbeid med organisasjonar og fylkeskommunane, og læreplassjegarar over heile landet skal jobbe for å rekruttere fleire lærebedrifter og læreplassar.
Berre i Innlandet manglar 1000 elevar lærekontrakt, og då er det til god hjelp at dei ved Moelven ByggModul i år tar inn fleire lærlingar enn dei har gjort før. Det kan dei gjere fordi dei har fått godkjent fleire fag for læreplass.
AUKAR: Lars Ivar Pedersen har ansvar for lærlingane ved Moelven ByggModul. Dei ynskjer å auke til 15 læreplassar dej neste åra.
Foto: mette vollan / nrk– Tradisjonelt har me berre tatt inn tømmerlærlingar, men no har me auka så me både kan ta inn i logistikkfaget, røyrleggarfaget og cnc-operatørfaget, seier Lars Ivar Pedersen som har ansvar for lærlingane til Moelven ByggModul.
Dei har rundt ti lærlingar i året, og i år har dei håp om å få tatt inn 13. Ein av dei som er lærlingar der er Herman Juliussen (19) som går på Stangen VGS.
LÆRLING: Herman Juliussen har fått læreplass. – Det er triveleg folk å jobbe med og et kjempefint miljø, seier han.
Foto: mette vollan / nrk– Eg jobba her som skulegut, og prøvde å gjere mitt beste. Eg høyrde litt rundt om lærlingplass og fekk høyre at dei ville ha meg som lærling, så eg takka ja til moglegheita, seier han.
I åra som kjem håper Moelven ByggModul å kunne auke til 15 læreplassar.
– Det er viktig å få inn lærlingar fordi det er dei som er framtida, seier Pedersen.
FIRE LÆRLINGAR: Moelven ByggModul har tatt inn fire lærlingar så langt i år.
Foto: mette vollan / nrkJobbar aktivt
Jørn Olav Bekkelund, som er seksjonsleiar for fagopplæring og skuletilbod i Innlandet fylke seier «Læreplassjeger»-kampanjen er viktig.
VIKTIG: Jørn Olav Bekkelund er seksjonsleiar for fagopplæring og skuletilbod i Innlandet fylke, og meiner «Læreplassjeger»-kampanjen er viktig.
Foto: mette vollan / nrk– Me gir ei felles utfordring til bransjar, opplæringskontor, næringsliv, samarbeidspartnarar og fagforeiningar, slik at me i fellesskap kan jobbe for å få på plass nye lærebedrifter, og fleire læreplassar til unge gutar og jenter i Innlandet, seier Bekkelund.
Han seier dei i Innlandet skal jobbe aktivt for at alle dei unge gutane og jentene som har søkt seg ut i lære skal få ei god løysing.
– Nokon vil nok oppleve at det er forseinkingar knytt til det å få lærekontrakt, men uansett skal me sikre at dei kjem i ein opplæringssituasjon, seier Bekkelund.
- LES OGSÅ: