Hopp til innhold

Sjukehustabbe: 11 smitta fekk beskjed om at dei ikkje hadde korona

Sykehuset Innlandet oppdaga at 22 personar hadde fått feil svar på koronaprøven. For nokre av pasientane hadde det då gått nesten eit døgn frå dei hadde fått sitt første svar.

Korona-testing

FEIL: 22 personar fekk feil prøvesvar frå Sykehuset Innlandet.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Alle dei 22 fekk ikkje det første svaret samtidig. Alle hadde fått korrigert sine prøvesvar i løpet av eit døgn, seier kommunikasjonsrådgjevar Line Fuglehaug ved Sykehuset Innlandet til NRK.

Skuldast intern svikt

I ei pressemelding frå Sykehuset Innlandet skriv dei at det var måndag 30. mars at det blei avdekka feil på eit sett med prøvar som var analysert for Covid-19 ved avdeling for mikrobiologi i Sykehuset Innlandet.

Elleve personar hadde då først fått beskjed om at dei ikkje var smitta, men det viste seg at dei eigentleg var det. Elleve andre personar hadde fått beskjed om at dei var smitta, men desse hadde ikkje korona.

Feilen skal ifølge pressemeldinga skuldast ein intern svikt i programmeringa av prøveoppsettet.

– Feilen blei raskt oppdaga, og alle dei 22 er kontakta og informert om riktig prøvesvar, seier divisjonsdirektør for Medisinsk service Randi Beitdokken i pressmeldinga.

– Vi er lei oss for at dette har skjedd, og har beklaga overfor personane dette gjeld. Vi har gode system for analysering av prøvar ved laboratoriet, og handterer dette som eit avvik for å skjerpe rutinane ytterlegare, seier ho.

Sporar eventuell vidare smitte

Det er i pressemeldinga opplyst om at det er sett i gong tiltak overfor dei personane som først fekk svar om at prøven var negativ, og som seinare fekk beskjed om at prøven var positiv.

– Det var relativt kort tid mellom dei to beskjedane, men det er viktig å få kartlagt om dei som no har fått positive prøvesvar har vore i kontakt med andre i mellomtida. Desse er kontakta og blir følgt opp, seier Beitdokken.

Lillehammer sykehus

FEIL: Det var ved Sykehuset Innlandet, avdeling for mikrobiologi, at feilen vart oppdaga.

Foto: ALEXANDER NORDBY / NRK

Til NRK seier Fuglehaug at det er bustadkommunane til dei det gjeld som tar seg av smittesporing.

– Dei som fekk beskjed om positiv prøve til slutt blir det smittesporing på. Då vil den vise kven dei har vore i kontakt med etter dei fekk beskjed om at prøvane var negative, seier Fuglehaug.

Fekk reaksjonar

Kommuneoverlege og leiar av samfunnsmedisinsk eining i Hamar-regionen, Bente Bjørnhaug, seier til NRK at alle kommunane i på Hedmarken er råka av at dei har pasientar som først hadde fått negativt svar på prøven, men som så fekk positivt svar. Dette gjeld altså kommunane Stange, Løten, Hamar og Ringsaker.

– Det gjeld ein, frå to-tre stykk i kvar kommune. Det er ein utruleg kjedeleg situasjon, og det er ikkje særleg morosamt å ta den telefonen og ringe desse menneska, seier Bjørnhaug.

Bente Bjørnhaug

FEKK REAKSJON: Bente Bjørnhaug seier dei fekk mange reaksjonar då dei informerte om prøvesvara som viste seg å vere feil.

Foto: Geir Randby / NRK

– No var vi så heldige at laboratoriet hadde rukke å ringe dei aller fleste, og hadde bedt om unnskyldning på førehand. Dei hadde informert, så vi kom litt til dekka bord, seier ho.

Ho seier likevel mange reagerte.

– Vi hadde alle reaksjonar, frå sinne og fortviling til glede over at dei kunne forstå kvifor dei var sjuke, seier Bjørnhaug.

Nokon hadde gjort ærend

Sidan det er kommunen som tar seg av sporinga seier Fuglehaug at dei ved Sykehuset Innlandet ikkje veit kva følger feilen kan ha fått.

– Vi får ikkje tilbakemelding på dette, fordi det er kommunen som har ansvar for smittesporing. Det er gode rutinar for smittesporing, seier Fuglehaug.

Line Fuglehaug

GODE RUTINAR: Line Fuglehaug er kommunikasjonsrådgjevar ved Sykehuset Innlandet og seier det er gode rutinar for smittesporing i kommunane.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Bente Bjørnhaug seier mange av pasientane fekk første beskjed på føremiddagen på måndag, og at desse fekk kontrabeskjed på kvelden.

– Vi fekk gitt beskjed til alle. Sjølv om det vart nokså seint på kvelden, så ringde vi folk mellom elleve og tolv om kvelden for å vere sikker på at dei skulle få beskjeden i går, seier Bjørnhaug.

– Nokon hadde gjort ærend ute, men eg trur ikkje det er nokon som har vore i arbeid fordi det gjekk for kort tid. Eg trur nok nokon har forårsaka kontakt med andre menneske som er sett i karantene, seier ho.

Var det nokon av desse som var helsepersonell og hadde kome seg tilbake på jobb?

– Eg trur ikkje det var helsepersonell i den gruppa i det heile tatt, men eg er ikkje heilt sikker. Eg trur ikkje det var det, seier Bjørnhaug.

Ho seier det fortvilande at dette har skjedd.

– Samtidig er alle no veldig pressa, og ting føregår i høgt tempo. Det er manuelle prosessar, og det er faktisk mogleg å gjere feil. Det aller viktigaste er at dette blei oppdaga, og at me fekk snudd det, seier ho.

Fleire feil i Noreg

St. Olavs hospital i Trondheim har også gått ut med melding der dei beklagar at det blei gitt feil svar på ni koronaprøver natt til sundag.

Årsaka var menneskeleg svikt på sjukehuset sitt laboratorium, og blei oppdaga av kontrollrutinar.

Fire prøvar blei formidla som positive, men var negative. Fem prøvar blei formidla som negative, men var positive.

– Det var ein menneskeleg feil i ei manuell rutine som skjedde. Våre eigne kontrollprosedyrar fanga det opp raskt. Vi har nå ekstra merksemd på kontrollrutinane, seier fagdirektør Tom Christian Martinsen ved St. Olavs hospital i Trondheim til NRK.

Flere saker fra Innlandet