Hopp til innhold

Lova datasenter, står fram som kryptoanlegg

Asiatisk selskap lova datasenter og arbeidsplassar i den vesle bygda Vågå. – Eit skrekkeksempel, seier NTNU-ekspert.

Ordførar Harald Sve Bjørndal utanfor næringsbygget til Krefter AS.

KJENNER SEG LURT: Ordførar Harald Sve Bjørndal frå Bygdelista hadde sett for seg eit datalagringssenter og naudsynte arbeidsplassar. I staden vart det noko heilt anna.

Foto: Even Lusæter / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hausten 2021 stod nordmannen Oliver Horvei og singaporske Wei Qiu i kommunestyresalen i kraftkommunen Vågå.

Selskapet deira heitte Krefter AS og hadde eigarar frå Singapore. Nå ville dei ha næringsareal og straum, veldig mykje straum.

Politikarane vart lova datasenter og anslo opp mot 120 arbeidsplassar. Kommunen sa ja, og så var sirkuset i gang.

– Dei hadde det tullete travelt, seier ordførar Harald Sve Bjørndal.

Ordførar Harald Sve Bjørndal utanfor næringsbygget til Krefter AS på forsommaren 2024

I dag, juni 2024, har selskapet ingen tilsette.

Foto: Even Lusæter / NRK

Oliver Horvei, deleiger i Ugna AS som har teke over prosjektet, påpeiker at anlegget aldri har vore brukt til kryptomining og ikkje vil bli det. Han seier at prosjektet er forseinka på grunn av venting på offentlege tillatelser for regulering av tomt og sikker straumforsyning, og at bygginga av det planlagde datasenteret ikkje vil starte før dette er på plass. Les meir om hans synspunkt lenger nede i saka.

Straum og statlege heiarop

Men var det eigentleg eit datasenter selskapet ville etablere? Eller hadde dei segla inn i bygda under falskt flagg?

Både kommunen og innbyggarane var skeptiske og frykta målet var utvinning av digital valuta.

– Vi hadde tidleg kontakt med både PST, statsforvaltar og departement, for vi var urolege, seier Sve Bjørndal.

NRK forklarer

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Altså, er kryptoutvinning eit problem?

Kryptoutvinning handlar om måten kryptovaluta blir produsert.

Å utvinne kryptovaluta er lovleg.

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Men kva er krypto­valuta?

Kryptovaluta er digital valuta.

Det finnes omtrent 2000 forskjellige kryptovaluta, der den mest kjende er bitcoin. Kryptovaluta brukast i hovedsak til spekulasjon og investeringer.



Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Korleis blir digital valuta laga?

Digital valutua lages ved at man bruker datakraft til å løse avaserte, matematiske oppgaver. Dette for å verifisere den digitale valutaen og transaksjoner med den.

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Krev mykje straum

Utvinning av kryptovaluta er meget kraftkrevjande.

I 2023 var det totale straumforbruket til den mest kjende valutaen, bitcoin, på 121 TWh, ifølgje CCAF. Til samanlikning ligg det totale, norske straumforbruket ligg på mellom 130 og 140 TWh per år.

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Situasjonen for kraft har endra seg

Medan Noreg hadde eit kraftoverskudd for berre nokre år sidan, er situasjonen annleis i dag.

I åra framover forventast kraftbehovet å auke ytterlegare, og det er fleire eksempel frå norske kommunar der kryptoutvinning legg beslag på viktige kraftressursar.

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Gjev få arbeidsplassar

Rein kryptoutvinning identifiserast ved at det ofte er containerbaser eller enkle bygg.

Dei er store målt i forbruk av straum, men blir drifte med få og enkle ressursar, og krev særs få arbeidsplassar. Eigar- og selskapsstruktur er ofte uklar.

Kvifor kan krypto­utvinning vere eit problem?

Norsk Datasenterindustri: – Ikkje seriøse aktørar

«Kryptoaktørene har et kortsiktig perspektiv (...). Deres virksomhet har derfor begrenset samfunnsnytte, både når det gjelder arbeidsplasser og andre positive ringvirkninger lokalt og nasjonalt.» skriv interesseorganisasjonen i ein årleg rapport for 2023/24.

Men selskapet Krefter AS forsikra kommunen om at dei skulle drive datasenter, og styresmaktene meinte kraftkommunar som Vågå burde legge til rette for slik aktivitet.

Allereie i 2018 lanserte fire ministrar i Solberg-regjeringa visjonen om Noreg som attraktiv datasenternasjon.

Plakett som viser at vinneren av Datacloud global awards 2021 for Inward Investment Initiatives for Data Centres 2021 er den norske regjeringen

Regjeringas initiativ til å lokke til seg investorar som ville etablere datasenter i Noreg vart hylla med ei pris under Datacloud global awards i 2021.

Foto: Datacloud Global Awards

Fornybar og billig energi, solid infrastruktur og god plass, gjer Noreg til eit godt eigna land for etablering av datasenter.

Slik skulle framtidas arbeidsplassar skapast, ikkje minst i distrikta, meinte daverande distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) i 2021.

Dataselskap banka på døra hos kraftkommunar over heile landet.

Bilde av det som ser ut som hjemmesnekra racks med servere

I lokala til ein tidlegere tekstilfabrikk i Vaksdal kommune, dura 2000 datamaskiner døgnet rundt for å produsere digital valuta i 2018.

Datapark i Alvdal

I Alvdal i Nord-Østerdal lova russiske investorar i 2018 ein milliard kroner og 65 arbeidsplassar på å utvinne kryptovalutaen bitcoin.

Vågå  luftfoto  drone

Fleire aktørar banka også på døra til kraftkommunen Vågå i Innlandet.

Kva skal Noreg bruke krafta til?

Dei som banka på døra i Vågå, banka hardt.

Dei førebudde kommunen på at dei måtte bygge bustader, for Krefter ville trenge mellom 50 og 120 personar i fast jobb.

Drifta skulle starte alt våren 2023.

Men snart fekk kommunen og det lokale kraftselskapet andre ting å henge fingrane i.

Nokså tidleg vart det kjent at selskapet hadde sett i gang arbeid på to adresser utan gyldig løyve.

Datasenteret i Lalm, anlegg under oppføring høsten 22

Krefter AS fekk kjøpa kommunens siste, tilgjengelege næringsareal, og starta bygginga hausten 2022.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Vågå kommune såg alvorleg på saka og svara med byggestopp, pålegg om retting og tvangsmulkt på 150.000 kroner.

Oliver Horvei, som den gong var dagleg leiar i selskapet, vedgår at det vart mange feilgrep.

Det var eit enormt press frå kundar og investorar for å sikre at prosjektet skulle kunne gjennomførast, blanda med dårleg handtering av det presset og kulturskilnader.

Horvei hevdar vidare at intensjonen til Krefter var datalagring, men at ulike forseinkingar og feilgrep førte til ei mellombels satsing på bitcoin.

Du kan lesa meir av hans forklaring nedanfor.

Oliver Horvei på folkemøte i Lalm høsten 22

På folkemøte på Lalm i 2022 vart dagleg leiar Oliver Horvei stilt til vegs av både ekspertar og lokalbefolkning.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Totalt har nettselskapet Fjellnett greia ut 16 ulike tilkoplingar på næringsareal i Vågå og Sel kommunar på førespurnad frå Krefter.

For Krefter hadde heile tida ønske om fleire prosjekt samtidig, mellom anna å bygge eit hyperscale datasenter med eit straumforbruk tilsvarande Trondheim by.

– Det har i periodar vore ekstremt mykje spørsmål om nye straumpunkt. Kommunikasjonen har til tider vore utfordrande, seier dagleg leiar i Fjellnett, Vebjørn Haugen.

Han meiner at folk hadde ulik oppfatning av kva som blei diskutert og bestemt, når samtala gjekk føre seg på engelsk – eit språk ingen av partane har som morsmål.

Tidlegare dagleg leiar og investor, singaporske Wei Qiu, hevdar på si side at kommunikasjonen vart komplisert fordi tilsette i kraftselskapet skal ha nekta å snakke engelsk med han.

Frykta for krypto

Samstundes går kryptoalarmen i Vågå kommune. Eit femtitals containerar, bestilt av Krefter, med overmåla tekst har vorte plassert på Lalm og Otta.

– Det var eit tydeleg signal, for vi fekk høyre at dette var containere som var spesiallaga for å vinne ut kryptovaluta på Lalm, seier Sve Bjørndal.

Han legg til at Krefter i fleire møter insisterte at dei ikkje skulle vinne ut kryptovaluta, og at containerane ikkje skulle brukast til dette

Ordføraren seier at det har vore heilt uaktuelt for Vågå kommune å selja næringsareal til Krefter AS om målet var utvinning av digital valuta.

– Vi har sagt nei til fleire aktørar med det formålet tidlegare.

Kryptocontainere på Lalm, Vågå. Krefter AS

Containerane til Krefter AS viste seg, ifølgje ordføraren, å vere designa for å vinne ut kryptovaluta.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Både kryptoutvinning og datalagring er lovlege aktivitetar i Noreg, men det er stor skilnad på samfunnsnytten, meiner NTNU-ekspert Gaute Bjørklund Wangen.

– Det er stort behov for datalagringssenter i Noreg. Særleg i urolege tider som nå.

Derimot er det vanskeleg å sjå den store samfunnsnytten i å bruke mykje kraft på å vinne ut ein digital valuta.

Problemet ligg i at den utvunne kryptovalutaen lett kan flyttast ut av landet via internett utan noko særleg sporbarheit på kvar det flyt, seier Bjørklund Wangen, som sjølv er frå Vågå.

Gaute Wangen, NTNU

– Eg kan ikkje veta med sikkerheit at det var kryptoutvinning som var målet til Krefter, men når noko høyrast ut som ei and, ser ut som ei and og går som ei and, så er det truleg ei and, sa Gaute Bjørklund Wangen til NRK på eit tidspunkt då det framleis var uklart kva som skulle skje på Vågå.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Slik sett får ikkje vertskommunane noko att for billig investert kraft, berre betalte straumrekningar.

Vågåordføraren seier at kommunen har kjent seg einsleg i prosessen. Han meiner at staten må inn og styre kva krafta skal brukast til i Noreg.

– Det var veldig lite hjelp å få. Vi fekk berre skryt for at vi tok det på alvor.

Ordfører i Vågå, Harald Sve Bjørndal på kontoret.

– Kvifor kan ikkje styresmaktene forby kryptomining i ein situasjon der det er energimangel og høge straumprisar, spør ordførar Harald Sve Bjørndal.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Har stor sympati

I digitaliseringsdepartementet kjenner dei godt til situasjonen til kommunar som Vågå.

– Eg har sjølv vore i Vågå og treft ordføraren. Eg har stor sympati med situasjonen han og kommunen har hamna i, og frustrasjonen han kjenner på, seier statssekretær Gunn Karin Gjul i ein e-post til NRK.

Ho held fram at datasenter definitivt er ein viktig del av den digitale infrastrukturen i Noreg.

– Kryptoutvinning er likevel døme på ein type verksemd som krev mykje datakraft utan at samfunnsnytta kan seiast å vere like stor tilbake. Derfor jobbar vi no med å sjå på korleis vi kan avgrense denne næringsaktiviteten.

Statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, Gunn Karin Gjul (Ap).

I 2023 la regjeringa fram ei rettleiing for kommunar ved førespurnadar frå interessentar som vurderer etablering av datasenter. Det var eit ledd i arbeidet med å redusere utvinning av kryptovaluta, informerer statssektrtær Gunn Karin Gjul.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Nyleg lanserte regjeringa eit forslag til krav om registreringsplikt for aktørar som vil drive med datasenter i Noreg, i den nye ekomlova.

– Korleis skal registreringsplikt hjelpe kommunar som Vågå?

– Den nye datasenterreguleringa i ekomlova vil vere eit nødvendig første steg på vegen mot å lukke døra for kryptoutvinning, sjølv om dette ikkje er ei regulering som aleine hindrar slike etableringar, seier Gjul.

Les også Da verdens største datasenter kom til bygda

Ballangen

Tomt bygg utan straum

Kva skjedde i Vågå? Segla dei to karane i Krefter under falskt flagg?

Trafostasjon og anlegg med Krefter sin logo på veggen

I dag står eit einsleg bygg på Lalm i Vågå.

Hvite kryptocontainere med Krefter-logoen på

Bygget er omkransa av kvite containerar og mørkegrå trafostasjonar.

Bilder av kabeltrommel framfor bygget til Krefter AS på Lalm

Framleis står bygget på ei planert tomt utan straum, og selskapet har i dag fire tilsette i eit underselskap.

Oliver Horvei meiner at Krefter har brukt mellom 200–300 millionar i etableringsfasen.

Det er i dag selskapet Ugna som eig Krefter. Horvei er dagleg leiar og styreleiar av begge selskap, men vil ikkje ut med kjøpesummen eller kvar pengane kjem frå.

Wei Qiu og dei singaporske eigarane er, etter det NRK kjenner til, ute av bilde.

– Det er generelt lite forståing for kvar viktig rolle datasenter spelar i vårt moderne samfunn. Vi er alle tent med at datasenter ikkje berre drivast på gass, olje og kull. Klimaendringane påverkar også Gudbrandsdalen, seier Horvei.

Ordfører i Vågå, Harald Sve Bjørndal

Kraftkommunar som Vågå er attraktive for selskap som treng mykje straum.

Ordførar Harald Sve Bjørndal har ikkje gitt opp håpet om seriøs datasentervirksomhet i Vågå.

– Eg håpar at den strukturen som er etablert på Lalm kan bli brukt til noko meiningsfylt. Eg meiner framleis at det ligg til rette for denne typen næringsverksemd i Gudbrandsdalen.

Les meir om kva Oliver Horvei og Wei Qiu meiner i dag:

Wei Qiu: Var ikkje tett på i Krefter-prosjektet

NRK har vore i kontakt med Wei Qiu frå Grandtechnik.

Han seier til NRK at han på grunn av språkbarrierar overlèt det meste av det praktiske rundt Krefter AS til dei norske tilsette, og hovudsakleg Oliver Horvei.

Qiu seier han difor ikkje hadde inngåande kjennskap til alt som skjedde i Vågå.

Han nektar likevel for at Krefter AS skulle drive med kryptomining, og meiner det er falske påstandar. Han ønskjer ikkje å gå ut med kor mykje Krefter AS blei selt for.

I ettertid har Grandtechniks juridiske rettleiarar informert NRK at dei ikkje vil bidra med meir informasjon, eller svare på våre spørsmål.

Oliver Horvei: Andre boller med norske eigarar

Oliver Horvei meiner det er fleire grunnar til at det ikkje gjekk som det skulle.

– Hovudsakleg forseinkingar med straumreservasjon og regulering av tomt. Etter kvart miste dei kontraktar med aktørane dei skulle byggje for fordi sette tidsfristar gjekk ut. Det blei òg gjort nokre dumme val, til dømes at dei etter kvart vurderte å satse på mellombels kryptomining, noko dei hadde lova offentleg at ikkje skulle skje.

Han seier òg at han personleg ikkje er ein tilhengar av utvinning av kryptovaluta, og at ein dessutan tener svært lite på kryptomining.

Oliver Horvei: Skal fullføre arbeidet

Horvei seier han framleis har tru på datasenter med fleire hundre tilsete, og at noverande selskap vil fullføre over tid.

– Med Ugna er planane tilbake der dei var, vi må berre vente på reguleringsprosessar, straum og konsesjon, seier han, og legg til at dei ikkje har hastverk.

– Me står klare med kapital og kompetanse når offentlege løyve er på plass. I mellomtida smører vi oss med tolmod.

Han vil ikkje ut med kor mykje Krefter AS kosta, eller kvar pengane til å kjøpe ut dei tidlegare eigarane kjem frå, men seier det er snakk om norske investorer som blir presenterte på eit seinare tidspunkt.

Horvei: Tilleggskommentarar

Oliver Horvei presiserer til NRK at bygget som ble bygget på Lalm ikkje vart spesialdesigna for kryptoutvinning.

– Det kan også brukast til det, men originalt formål var svært tung KI-prosessering i liten skala, noko som framleis er plan i dag sjølv om det blir justeringar.

Innspel? Ta kontakt!

Kva meiner du om det vi har skrive? Vi vil gjerne ha innspel og tips. Ser fram til å høyre frå deg.

Beste helsing

NRK korrigerer:
1: I ein tidlegare versjon skreiv vi at selskapet i dag ikkje hadde nokre tilsette. Det er ikkje presist, eit underselskap av Krefter AS har fire tilsette. Korrigeringa blei gjort 21.06.24 klokka 14.08. Vi skrev også i ein tidlegare versjon at bygget på Lalm var spesialdesigna for kryptutvinning. Det meir korrekte er at bygget også kunne brukast til kryptoutvinning. Sjå tilsvarsboksen for utdypning. Korrigeringa blei gjort 24.06.24 klokka 13.46.
2: I ein tidlegare versjon skreiv vi følgande i tittel:
«Lova dataanlegg, bygde kryptoanlegg». Dette blei i dag, 26.06.24, endra til «Lova dataanlegg, står fram som kryptoanlegg», då det er meir presist. Det er og lagt inn eit avsnitt med presiseringar frå Oliver Horvei høgt oppe i saka.

Flere saker fra Innlandet

FOLKEFEST: Ola Venås ser mot Skeikampen og forklarer at det hver dag nesten året rundt, går flere folk på tur her.

Allemannsretten blei ikkje grunnlovfesta: Bonden Ola pustar letta ut

Regn.

Varsler regn og flomfare: Dette bør du gjøre nå