Hopp til innhold

Oppdaga vaksinefeil – 26 personar må testast for antistoff

Seks personar i Stange kommune fekk ei sterkt uttynna koronavaksine, og vil ikkje vere beskytta. Kommunen veit ikkje kven personane er.

Vaksinering stangehallen

VAKSINEFEIL: Personane i Stange som no må teste seg for antistoff vart vaksinerte i Stangehallen onsdag 14. juli.

Foto: Stange kommune

Kommunen dreiv kvalitetskontroll då dei oppdaga at seks av 84 personar som hadde blitt vaksinerte, ikkje hadde fått skikkeleg vaksine.

Totalt var det 474 innbyggarar som fekk vaksine i Stangehallen onsdag 14. juli. Kommunen må teste fleire for å leite etter personane som må få ny dose.

– Vaksinen blir levert i små glas med tørrstoff og så blir det blanda ut med saltvatn. Ved ein feil har det same vaksineglaset blitt tilsett saltvatn to gonger.

Det fortel kommunalsjef, Tove Nordli Selnes.

Veit ikkje kven det gjeld

Kommunen er i gang med å varsle dei som vaksinerte seg den dagen om feilen.

–Alle som er direkte råka av den uønskt hendinga vil bli kontakta via SMS av kommunen, seier kommunalsjef Tove Nordli Selnes.

Men kommunen veit ikkje kven som har fått den sterkt uttynna vaksinen. Dermed ber dei fleire om å komme inn for å teste seg for antistoff.

Tove Nordli Selnes, Stange kommune

BEKLAGELEG: Tove Nordli Selnes, kommunalsjef i Stange, seier feilen som er skjedd er veldig beklageleg.

Foto: Stange kommune

– Det er ikkje meir enn 26 personar. Men det er uansett beklageleg.

Dei blir bedt om å ta ei blodprøve som Stange kommune organiserer for å sjekke om dei har antistoff i blodet, seier Nordli Selnes.

– Om vi finn dei seks personane i løpet av testinga, får dei tilbod om ny vaksine, seier ho.

  • Det har skjedd vaksinefeil i fleire kommunar tidlegare. Kongsvinger sette saltvatn i staden for vaksine hos sju personar:

– Beklageleg

Kommunalsjefen seier det er beklageleg at dette er skjedd. Men ho meiner dei hadde gode system på plass for å oppdage dette raskt.

– Vi oppdaga feilen rett etter avslutning av vaksinasjonsdagen på onsdag.

Ho seier dei allereie er i gang med tiltak for å hindre at slikt skjer igjen. FHI er involvert i arbeidet med oppfølginga.

Flere saker fra Innlandet