Satsar på rosa handballrekord

Elverum Håndball reiser til Hamar for å setje publikumsrekord i eliteserien i handball. Samtidig samlar dei inn pengar til kreftsaka.

Elverum håndball

Elverum håpar å setje publikumsrekord i Eliteserien, samtidig som dei samlar inn pengar til kreftsaka. – For å få til det må vi reise til den største handballhallen i området, så det er ikkje nokon nedtur å reise til Hamar OL-Amfi.

Foto: Elverum Håndball / Kurt Sivertsen / NRK

I nykomponerte rosa drakter tek Elverum imot Arendal til ein viktig kamp i eliteserien i handball laurdag ettermiddag.

For i tillegg i til å samle poeng ynskjer Elverum Håndball å samle mest mogleg folk og mest mogleg pengar til inntekt for kreftsaka og Rosa sløyfe-aksjonen.

4000 bestilte billettar

Det var Elverums svenske ving Kalle Bjørkmann som hadde ideen. Han tok kontakt med kreftforeningen og lurte på kva dei kunne gjere for å skape merksemd kring kreftsaka.

Etter nokre runder fram og attende er det duka for eit rosa show i Hamar OL Amfi laurdag klokka 17. I tillegg til handball blir det musikk, dans og show på ymse vis. Alle kjem inn gratis, rundt 80 samarbeidspartnarar bidreg med pengar per tilskodar.

– Dei kan betale alt frå 50 øre til 10 kroner per tilskodar. Mykje av pengane går til kreftsaka og til Elverum folkehøgskule sitt prosjekt i Uganda, seier dagleg leiar Martin Gudbrandsgård i Elverum Håndball.

Målet er å setje publikumsrekord for eliteserien i handball. For å klare det må dei få inn 5.500, i Hamar OL-Amfi er det plass til 6500.

– Det er allereie 4.000 som har bestilt på plass. For alle andre er det berre å møte opp, seier Gudbrandsgård.

– Samleobjekt

Berit Jevnaker i Kreftforeningen i Hedmark og Oppland er svært glad for initiativet frå Elverum Håndball.

– Det er berre stort å vere ein del av det. Hovudbodskapen vår er at saman skapar vi håp, og det gjer vi verkeleg her. Det er samarbeid frå alle nivå i handballen, næringsliv og politikarar.

Martin Gudbrandsgård seier at det er naturleg for dei å engasjere seg i Rosa sløyfe-aksjonen.

– Alle er råka av sjukdommen på ein eller annan måte. Om ein ikkje har den sjølv så kjenner ein nokon som har den.

Og dersom du har lyst på ei av dei eksklusive 14 rosa Elverumstrøyene så blir dei auksjonert bort etter kampen.

– Den er veldig kledeleg. Den er eit samleobjekt, og det er allereie mange som har spurt korleis dei kan få tak i denne drakta, seier Martin Gudbrandsgård.