– Eg vil berre ha han tilbake, seier Santa Hmeļņicka.
I juni i år, gjekk truleg hunden hennar, Sam, til angrep på sju sauar på beite i Gudbrandsdalen.
Ein av sauane vart drepen, medan seks av dei måtte avlivast.
Det var ein forbipasserande som såg hunden ved ein av sauene til sauebonde Roy Frode Bjørnvolden. Det vart funne DNA av hunden på den drepne sauen, ifølgje politiet.
Foto: Privat– Det er eit stort sjokk for meg. Det har snudd heile livet mitt på hovudet, seier hundeeigaren.
Ho skulle etter planen flytte tilbake til heimlandet Litauen i haust, men det er sett på vent som følgje av hendinga.
Kjempar mot vedtaket
Sidan hendinga har hunden hennar vore i forvaring i kennel. Eigaren har ikkje fått møte han.
Hunden er av rasen Cane Corso, som både har jakt- og vakteigenskapar.
I slutten av juli vedtok politiet å avlive hunden.
Santa klaga på vedtaket, og no ligg saka på pulten til Politidirektoratet.
Hunden Sam er ein hannhund av rasen Cane Corso.
Foto: Privat– Eg hadde ikkje kjempa så mykje for han om han ikkje var så viktig for meg, seier eigaren.
Om Politidirektoratet held fast i vedtaket til politiet, vil ho ikkje gå til rettssak. Det er for dyrt.
- Avisa GD har også skrive om saka.
NOAH: Hunden skal ikkje straffast
– Vi meiner at hundar som tragisk nok jagar og skader sau, ikkje skal avlivast, men sikrast, seier Siri Martinsen i NOAH.
– Ein veit at nokre hunderasar har instinkt for å jage, og då er det sikring, ikkje avliving som er rette tiltak.
Sikringstiltak kan til dømes vere at hunden ikkje skal luftast i område der det er sau, og at hunden skal vere i band, meiner ho.
Som straff mot hundeeigarar, foreslår ho bøter.
Siri Martinsen i dyrevernsorganisasjonen NOAH, meiner det er feil å straffe hunden. – Formålet bak den nye hundelova var eit større fokus på andre tiltak enn avliving, seier Martinsen.
Foto: Ingeborg Undheim / NRKPå generelt grunnlag meiner Martinsen at dette er ein situasjon mange hundar kan hamne i dersom eigaren er uforsiktig.
– Det som er meiningslaust med denne og andre saker, er at ein hevdar at denne individuelle hunden utgjer ein ekstra fare for sau. Det gjer han ikkje. Det kan vere ein hund som aldri har angripe sau før, som angrip sau neste gong.
Meiner eigar må ta ansvar
Sauane som vart angripne, gjekk på beite på Mysusæter i Sel kommune i Gudbrandsdalen.
– For meg så kan ho ha hunden, berre han reiser til Litauen med ein gong. Men eg må få erstatta det eg har tapt, seier sauebonde Roy Frode Bjørnvolden.
Han anslår at han har tapt rundt 70 000 kroner på å leite etter døde og skadde sau.
– Når ein har hund bør ein ta ansvar for at han er sikra. Eg forstår problemet, men samstundes har eg eit problem òg.
Seks av sauane måtte avlivast på staden. Den sjuande var allereie død då bonden fann dei.
Foto: Geir Randby / NRKDet vart funne DNA frå hunden på den døde sauen. Bjørnvolden seier dei andre skadde dyra låg i ein og same haug omtrent.
– Det var eit dårleg syn. Seks stykke var jaga inn i eit gjerde med bitskadar i munn og hals, og øyre var borte. Dei var i live, medan eitt heldigvis var dødt. Resten låg og vart pina, sa Bjørnvolden til NRK i juni.
Handsamar få slike saker
Heidi Keseler Venner i Politidirektoratet skriv i ein e-post til NRK at dei så langt i år har handsama éi klagesag som handlar om hund som har angripe sau.
I fjor handsama dei to saker.
Politidirektoratet vil ikkje kommentere enkeltsaker som denne, då den framleis er under handsaming.
– På generelt grunnlag kan det opplysast at Politidirektoratet i slike saker har ei forventa saksbehandlingstid på seks månader frå saka blir motteke av oss.