Hopp til innhold

Såg døden i kvitauget – ber transportkjøparar tenke seg om

Yrkessjåføren Vegard Rogne (25) trudde han skulle døy då ein utanlandsk trailer med dårlege dekk kom seglande mot han. No vil han at norske selskap skal slutte å kjøpe billigast mogleg transport.

Ulukke på Dovrefjell med utanlandsk lastebilsjåfør

KUNNE GÅTT GALE: Yrkessjåføren, Vegard Rogne, seier det kunne gått skikkeleg gale då den tyrkiske lastebilen kom i full fart på den glatte vegen.

Foto: Vegard Rogne / Privat

Lastebilsjåføren frå Voss var på jobb på veg til Trondheim. Første påskedag skulle han over Dovrefjell.

Han hadde høyrt at fjellovergangen ville opne på morgonen. Så han køyrde til bommen for å legge på kjetting og vere klar til å køyre vidare.

Då han dreiv med det såg han i sidesynet ein annan lastebil komme i full fart mot han. Den utanlandske sjåføren stod på bremsane, men var på veg rett inn i han.

Vegard Rogne frå Voss, yrkessjåfør

REDD: Vegard Rogne frykta for livet sitt på Dovrefjell. Han seier han treff lastebilar som ikkje egnar seg på norske vegar nesten kvar dag i jobben sin.

Foto: Privat

Trudde han skulle døy

– Eg såg døden i kvitauget, for eg hadde ikkje nokon fluktmoglegheit. Eg prøvde febrilsk å vifte med armane og rope til sjåføren: «release breaks!», fortel Rogne.

I lastebilen til Rogne sat den fem år gamle sonen som var med pappaen på jobb.

– Det einaste eg tenkte på var korleis han ville reagere når han såg far sin fastklemt mellom dei to køyretøya, seier Rogne.

Sjåføren, som kom frå Tyrkia, skjønte signalet og slepte bremsene. Då segla han i staden inn i hengaren på lastebilen til Rogne.

Engasjerte på sosiale medium

Trailersjåføren var på veg til Midt-Noreg med varer for AKVA Group. Rogne fortel at bilen hadde harde dekk nesten utan mønster og ingen kjettingar tilgjengeleg.

Rogne la ut ein video på Facebook som er delt nesten 3000 gonger.

Privat video fra Facebook

DELT PÅ FACEBOOK: Denne videoen la Rogne ut på Facebook. No er den sett fleire titusen gonger og delt nesten 3000 gonger.

I kommentarfeltet har mange slengt seg på. Rogne seier den tyrkiske sjåføren ikkje kan stå til ansvar.

Screenshot, facebook-post frå Vegard Rogne

ENGASJERT: Posten Rogne la ut på Facebook har engasjert veldig mange.

Foto: Skjermdump

– Sist gong han såg snø var på Discovery Channel. Han hadde aldri vore i Noreg om ikkje nordmenn hadde bestilt han, seier yrkessjåføren.

Bøn til transportkjøparar

Vegard Rogne meiner norske transportkjøparar er dei som må ta ansvar for å sikre tryggleiken på dei norske vegane.

Noregs Lastebileier-Forbund er heilt einig. Guttorm Tysnes, regionleiar i Innlandet, seier dette har vore eit problem lenge, men at det er blitt verre i koronakrisa.

– Vi har fått meldingar om at det er kommen nye utanlandske selskap ein ikkje har sett her, som har dårlegare utstyr enn dei som har vore her før. Dei får større problem på vinterføre, seier han.

Dekket til utanlandsk trailersjåfør. Frå tyrkia

DÅRLEG SKODD: Her ser ein dekket til den tyrkiske lastebilen.

Foto: Vegard Rogne / Privat

Han seier dei ofte har harde dekk som er laga for å køyre langt på motorveg, og ikkje funkar på snø.

Ifølge Tysnes, viser Vegvesenet sin statistikk at det er klart fleire ulukker med utanlandske lastebilar enn norske på vegane her.

– Det er ingen tvil om at transportkjøparane må ta større ansvar.

Guttorm Tysnes

OPPMODING: Guttorm Tysnes i Noregs Lastebileier-Forbund ber transportkjøparar velje norske transportfirma.

Foto: Halvor Mykleby

– Tar avstand

Den tyrkiske sjåføren køyrde varer for selskapet AKVA Group, som er ein verdsomspennande leverandør til oppdrettsnæringa.

Direktøren i AKVA Group Land Based Norway, Sten Lorentzen, seier det var ei dansk søsterbedrift som bestilte akkurat denne transporten. Selskapet brukar speditørar, som tek jobben med transport og logistikk, og det er dei som fiksar sjølve lastebilen og sjåføren.

– Utan at eg har fått bekrefta det, så er det ein norsk speditør som er brukt. Kvifor dei har brukt utanlandsk transportør kan eg ikkje svare på, seier Lorentzen.

Sten Lorentzen er direktør i AKVA Group Land Based Norway.

TAR AVSTAND: Sten Lorentzen tar avstand frå at utanlandske trailerar som ikkje er skodd etter forholda køyrer på norske vegar.

Foto: Privat

Han vart sjølv kontakta av sjåføren, Vegard Rogne, etter uhellet på Dovrefjell. Etter det har Lorentzen vore i kontakt med dei som jobbar med transport i konsernet sitt.

– Eg tar sterkt avstand frå at utanlandske trailerar kjem hit og ikkje er skodd etter forholda. Vi kan ikkje vere kjent med at slike ting skjer og kjem til å gjere tiltak som skal hindre det framover og legge føringar for kva vi forventar, seier direktøren.

Flere saker fra Innlandet