Rydda vegen med politibil

Da ein tømmerbil mista delar av lasta på rv. 4 i ettermiddag, måtte politibilen ta over ryddejobben. Sjå video nedst i saka.

Politibil ryddar veg

Politibilen tok ryddejobben på rv.4

Foto: Dag Kessel / NRK

Vegen var heilt sperra av tømmer og eit stort jernstativ, da tok politiet grep og brukte politibilen til å rydde vegen.

Gjorde ein unnamanøver

Ulykka skjedde da ein lastebil på veg mot Lillehammer mista delar av lasta ved Smedmoen, om lag 2 kilometer sør for Mjøsbrua på rv. 4.

Lastebilen skal ha gjort ein unnamanøver og hengaren skal ha kome utanfor asfaltkanten og det var i samband med dette at noko av lasta havna i vegbana. Poitiet seier at det er ein alvorleg situasjon når store gjenstander faller av ein lastebil, men ingen kom til skade i ulykka, seier operasjonsleiar Trond Skjøld hjå politiet i Vest-Oppland.

Vegen er rydda

Bilen kom seg vidare for eigen maskin, men lasta som låg att i vegen måtte flyttast. Det var da politiet tok grep og stroppa delane og drog dei ut av vegen med politibilen. Det var ei tid lange køar i båe retningar, men vegen er no rydda og trafikken går som normalt.

Politibil ryddar riksveg 4

Sjå video: Da ein tømmerbil mista delar av lasta på rv. 4 i ettermiddag, måtte politibilen ta over ryddejobben.