Hopp til innhold

Rusa bilist køyrde på ambulanse

Tre gonger køyrde den rusa bilisten inn i ambulansen med vilje. Kvinna stansa ikkje før politiet køyrde på bilen hennar med politibilen.

Skader i front på ambulanse etter påkjørsel

KRAFTIG SMELL: Ambulansen fekk tydlege skader.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Politiet og ambulansen rykka ut til ei privatadresse i Folldal i samband med ei anna hending seint onsdag kveld.

– Ambulansen som var først på staden, vart då påkøyrd tre gonger ganske kraftig, fortel operasjonsleiar Haagen Løvseth i Innlandet politidistrikt til NTB.

Lensmann på Tynset, Bjørn Tore Grutle

Lensmann på Tynset, Bjørn Tore Grutle.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Bilisten stakk av, og politiet starta søk etter bilen. Bilen vart funnen medan han sto stille. Føraren, ei kvinne i 30-åra, prøvde igjen å stikke av, men vart stoppa ved at politiet køyrde inn i bilen hennar.

Lensmann på Tynset, Bjørn Tore Grutle seier det er sjeldan at politiet må ty til så sterke verkemiddel, men at det var nødvendig.

– Vi måtte hindre sjåføren frå å køyre vidare, seier Grutle.

Han seier påkøyrselen skjedde i låg fart.

Blir teke hand om

Skader i front på ambulanse etter påkjørsel

UTE AV DRIFT: Ambulansen er parkert til skadene er utbedra.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Politiet hadde kontroll på situasjonen klokka 23.30. Ingen personar vart skadde i påkøyringane, men i alt tre bilar fekk materielle skadar. Verst gjekk det ut over sjukebilen.

Kvinna blir opp følgd av helsevesenet. Det blir oppretta straffesak etter hendingane.

Dei som var på jobb blir følgt opp av arbeidsgjevar. Lensmann Bjørn Tore Grutle seier dei er opptekne av at mannskapet er trygge på jobb, men at slike saker alltid er vanskelege.

– Vi har ei plikt til å handle, men skal også opptre så trygt og godt som mogleg for våre mannskap.

Flere saker fra Innlandet