Hopp til innhold

Røde Kors tar «heimekontor» i påska

På grunn av fare for koronasmitte blir det ubemanna Røde Kors-hytter dei fleste plassar i landet denne påska. I staden skal mannskapet vere på heimevakt.

Skispor og skistaver på Glomfjordfjellet påska 2018.

PÅSKEFJELLET: Det kan bli færre folk i fjellet i påska på grunn av hytteforbodet. Men Røde Kors har den same beredskapen - på heimevakt.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

– Vi ønsker å minimere sjansa for smitte blant eiget personell for å halde beredskapen open, fortel Kenneth Gulbrandsøy, som er nestleiar i Landsråd Hjelpekorps i Røde Kors.

Sjølv om hytteforbodet skal vare til 13 april, og vi må halde oss mykje heime, skal ikkje Røde Kors ha mindre bemanning av den grunn.

– Vi gjer som vi brukar og aukar beredskapen i påska. Men vil mest mogleg basere oss på heimevakter, seier Gulbransøy.

Kan bli lengre responstid

At mannskapen skal vere på «heimekontor», altså vere på vakt heimefrå, kan bety at dei i nokre tilfelle brukar lengre tid på å komme seg ut når det skjer noko i fjellet.

Kenneth Gulbrandsøy i Røde Kors
Foto: Privat

– Det må gjerast ei vurdering i dei enkelte kommunane om det er forsvarleg med tanke på til dømes responstid ut til område der det er hytter. Og kor mange som er på hyttene, seier Gulbrandsøy.

Han fortel at nokon hjelpekorps har over ein times køyring til hyttene dei vanlegvis bemannar. Nokon plassar bør ein vurdere om det tar for lang tid å komme seg fram, fortel Gulbransøy.

Kommunar som har mykje folk i påska kan ønske seg at ein bemannar hyttene likevel. Til dømes vil Røde Kors ha folk på hytta si på Sjusjøen, som ligg i Noregs største hyttekommune, Ringsaker.

Hans Jørgen Dokk, operativ leder i Oppland Røde Kors Hjelpekorps

BEREDSKAP: Hans Jørgen Dokk i Røde Kors i Innlandet er i beredskap i påska, men har heimevakt.

Foto: Jorun Vang / NRK

– Nokon kommunar har ønskt at vi skal bemanne hytter i enkelte utfartsområde, men det er med avgrensa bemanning, fortel Hans Jørgen Dokk i Røde Kors Innlandet.

Ifølge Dokk kjem påskebemanninga til å likne på det dei har elles i året.

Forventar færre oppdrag

Regjeringa har utvida hytteforbodet til over påskeferien. Hjelpekorpset ser ikkje bort frå at det betyr færre ulukker også.

– Sjølvsagt kan det gå ned i talet på oppdrag, men eg reknar med vi får litt å gjere i påska og. Eg reknar med at lokalbefolkninga vil ta seg ein tur ut og dei kan og skade seg, seier Hans Jørgen Dokk.

Drømmeforhold i løypene på Sjusjøen

– KOS DEG: Hans Jørgen Dokk i Røde Kors oppmodar folk om å kose seg og nyte naturen sjølv om dei ikkje kan overnatte på hytta.

Foto: Johannes Haukåssveen / Destinasjon Sjusjøen

Han håpar folk reiser for å nytte naturen og fjella, så lenge dei ikkje overnattar på hyttene sine. Og seier folk må hugse på å seie «hei» til kvarandre når dei møtest.

– Eg vil gjerne oppmode dei som kan å reise på fjellet, på dagstur så klart. Dei bør kose seg, halde god avstand, gå skiturar og trekke frisk luft, seier han.

Flere saker fra Innlandet