Hopp til innhold

Riseth attende til Kongsvinger

Blir spelande markedssjef.

Vidar Riseth

Vidar Riseth kjem attende til klubben han forlot for 13 år sidan.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Vidar Riseth hadde egentleg bestemt seg for å leggje opp som fotballspelar, men vil nå hjelpe gamleklubben Kongsvinger på og utanfor bana.

Riseth kom til klubben for 15 år sidan, og var KIL-spelar frå 1994 til 1996. Nå kjem han attende i den noko uvante posisjonen spelande markedssjef.

- Dette er ein stor dag for oss i Kongsvinger. Det betyr at vi har fått ein svært rutinert spelar med over 50 landskampar, som kan vere med og stabilisere eit ferskt tippeligalag, seier styreleiar Henrik Mohn.

Les meir på KIL Toppfotball sine nettsider.

Vil hente fleire

Han trur også at Riseth vil ha mykje å bidra med utanfor bana.

- Han har eit kontaktnett som kan hjelpe oss å unytte det markedspotensialet som vi meiner ligg i klubben, seier Mohn.

Samtidig vart det også klart at Kongsvinger mistar ein av sine viktigaste spelarar. Magnus Sylling Olsen er nemleg klar for Aalesund. Henrik Mohn seier at dei fortsatt jobbar med å få tak i forsterkingar før Tippeliga-comebacket.

- Vi må ha inn nokre spelarar til. Det er viktig å etablere ei stamme i laget, og med Vidar på plass har vi skaffa oss rutine. Dette er jo også eit signal til andre om at vi har noko i Tippeligaen å gjere, seier styreleiar Henrik Mohn.