Så langt i beitesesongen i Oppland er det rev som har gjort mest skade på sau.
Få tap til freda rovdyr
Statens Naturoppsyn har undersøkt 80 tilfelle der sau er blitt skadd eller drept, og i 11 av tilfella var det rev som herja i sauflokkane.
Dermed var berre 10 prosent av tilfella knyttast til freda rovdyr, som jerv, bjørn, gaupe og kongeørn. Det viser tall fra Statens Naturoppsyn.
- Auke i tap til rev
Fungerande rovviltkonsulent i Oppland, Harald Klæbo seier at det er meir samansette tapsårsaker tidleg i sesongen.
- Vi har merka ei stor auke i tap av sau til nettopp rev, seier Klæbo.
- For tidleg i sesongen
Leiar i Oppland Sau- og geitalslag, Kristin Bakke Lajord undrar seg over tala frå Statens Naturoppsyn.
- Det er veldig tidleg i sesongen, påpeikar Bakke Lajord. Ho tykkjer det er eit lite talmateriale som ligg til grunn for statistikken.
Ho vil ikkje seie at sauebøndene har eit truverdigheitsproblem som oppgir at sauen er tatt av freda rovdyr, nå som det viser seg at reven står bak mange sauetap.