Hopp til innhold

Bonden Jørn har slått graset rekordtidleg – gir håp om meir fôr

Uvanleg varm start på sommaren har ført til tidleg førstelått for bønder over heile landet.

Jørn Skoe sitter i traktor.

TIDLEG SLÅTT: Å slå graset allereie i starten av juni, er uvanleg for mjølkebonden Jørn Skoe i Gudbrandsdalen.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Vanlegvis slår eg graset først rundt sankthans, seier Jørn Skoe.

Han er mjølkebonde på Vinstra i Gudbrandsdalen og er allereie ferdig med første slåtten.

Varmen og tørken frå mai førte til at Skoe kunne slå graset omtrent tre veker tidlegare enn normalt.

– Det er rekordtidleg, seier bonden i Gudbrandsdalen.

Jørn Skoe

Mjølkebonden Jørn Skoe er allereie ferdig med førstelåtten. Det er fleire veker tidlegare enn normalt.

Foto: Frode Meskau / NRK

Rekordtidleg fleire stader

Fagkoordinator for grovfôr i Norsk landbruksrådgiving (NLR), Ragnhild Borchsenius, stadfestar at ein i år kunne kutte graset tidlegare enn normalt fleire stader.

– Det er rekordtidleg slått i heile landet sør for Saltfjellet, seier ho.

Ragnhild Borchsenius sittende i gresset.

Ragnhild Borchsenius fortel at den tidlege førstelåtten har ført til ein ekstra travel vår for mange bønder.

Foto: Siri Josefine Mo / NLR

Ho har snakka med fleire landbruksrådgivarar rundt om i landet med lang fartstid som seier at dei aldri har opplevd ein så tidleg førstelått.

Samstundes er det også store variasjonar.

– Der ein har slått i låglandet kan det vere at det framleis er for tidleg i høgda. Snøen smelta likevel raskt i høgda, så det er rekordtidleg våronn også der, forklarer ho.

Men den tidlege førstelåtten har også skapt utfordringar for bønder.

– Våren er ei travel tid for bønder og den vart ekstra travel når førstelåtten vart skunda fram med omtrent to veker, seier ho.

  • Les også om bonden som tok sistelåtten unormalt seint – i desember!

– Ekstremvêr

Klimaforskar Bob Van Oort ved Cicero, Senter for klimaforsking, omtalar pangstarten på sommaren som ekstrem.

– Denne våren har vore prega av ei form for ekstremvêr med unormal varme og tørke.

– Vi har alltid naturlege variasjonar i vêret, men maitemperaturane i år tangerer varmerekorden for mai 2018, seier han.

Bob Van Oort på et jorde

Bob Van Oort fortel at ekstremvêr slår ulikt ut for bønder. Mai i år har likevel vore positivt for bransjen, meiner han.

Foto: Eilif Ursin / Cicero

Han meiner dei høge temperaturane i mai har samanheng med klimaendringane.

– Når vi snakkar om vêrekstrem og rekordar, er det meir sannsynleg at desse kan knytast opp mot klimaendringar, seier han.

Håpar på tredje slått

Ekstremvêr til trass, klimaforskaren meiner vêret så langt i sommar er positivt for landbruket. I alle fall for dei som har hatt tilgang til vatn.

– Det varme og tørre vêret er etter mitt syn positivt sidan ein kanskje rekk å få inn ein tredje slått i løpet av sommaren, men det er ikkje utan utfordringar for enkelte, seier han.

Nettopp det å slå graset tre gonger i år, er noko bonden i Gudbrandsdalen håpar på.

Vanlegvis slår han graset to gonger i løpet av sesongen. Med ein slått til, kan han få meir fôr til dyra.

– Med det vêret vi har hatt så langt i år kan det sjå ut til at vi kjem til å slå graset tre gonger her òg, seier Skoe.

Jørn Skoe står foran høyballer.

Jørn Skoe er spent på om han kan slå graset tre gonger i år.

Foto: Frode Meskau / NRK

Likevel er han klar på at det fort kan endre seg.

– Det kan hende det blir litt for tøft utover i sesongen, men det får vi sjå, seier Skoe.

Les også Klimaendringene skaper allerede mer styrtregn

Styrtregn, oslo, 27. mai 2024