Hopp til innhold

Seks leilegheiter i rekkehus totalt utbrent

Rekkehuset i Gjøvik som begynte å brenne måndag kveld er heilt nedbrent. Bebuarane og naboane vart evakuerte.

D8B1CB13-BAC0-48CB-90EA-CF6A9CFD43B7

BRANN: Brannen har starta i eit rekkehus som har seks seksjonar utanfor Gjøvik sentrum.

Foto: Frode Meskau / NRK

Måndag ettermiddag begynte det å brenne i rekkehuset som ligg i eit bustadfelt utanfor Gjøvik sentrum. Det var seks seksjonar i rekkehuset som vart fullstendig overtent, ifølge politiet.

Brannvesenet er framleis på staden måndag kveld og kjem til å vere på staden utover, ifølge politiet. Operasjonssentralen seier brannen er sløkt no, men det er framleis mykje varme i restane som er igjen.

Politiet jobba med å få kontroll på alle som bur i leilegheitene der, og fekk kontroll på alle no. Det var lenge fare for at brannen ville spreie seg, og politiet fekk også kontroll på bebuarane i nabobygget.

4E663A30-A9EB-46C7-8A5C-A09268ED4BEC

OVERTENT: Brannvesenet jobbar for å avgrense brannen.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det var kraftig røykutvikling på staden, og politiet bad folk i Gjøvik halde vindauge og dører lukka.

Politiet bad også folk om å trekke unna, fordi publikum blokka vegnettet og stod i røyken i eit utsett område.

D8B1CB13-BAC0-48CB-90EA-CF6A9CFD43B7

RØYK: Det kjem kraftig røyk frå staden. Videoane er frå Snapchat.

Evakuerer naboar

Politiet fekk kontroll på personane som bur i bygget som brann og nabobygget, som også er eit rekkehus. Alle vart evakuerte.

Vi har evakuert totalt 37. 18 frå rekka som har brent og resten frå nabohuset, seier innsatsleiar på staden, Ulf Sørumgård.

Ordførar, Torvild Sveen seier dei har sett inn tiltak for dei evakuerte personane.

Vi opprettar no eit senter for evakuerte og pårørande på hotellet i Gjøvik sentrum så vi får teke hand om dei som no dessverre ser ut til å miste heimen sin i Gjøvik, seier ordføraren.

Politiet melder at det ingen vart fysisk skadde personar. Ei kvinne fekk bistand frå ambulansen på staden.

84FE7493-2334-4067-97FF-1F7469646D15

SLØKKING: Brannvesenet jobbar med sløkking. Politiet ber skuelystne trekke unna så dei ikkje blokkerer vegen.

Foto: Frode Meskau / NRK

Totalskadd

Bygget med seks leilegheiter kunne ikkje reddast.

Det har gått svært dårleg med husa der det har vore brann. Heile rekka er totalskadd, fortalde innsatsleiar på staden, Ulf Sørumgård.

Han fortel at dei har ei mistanke om korleis brannen i rekkehuset kan ha starta. Han vil ikkje ut med noko om det enno, då dei skal etterforske saka vidare.

Flere saker fra Innlandet