Hopp til innhold

Vil gjera Jotunheimen dobbelt så stor

Regjeringa vil utvide Jotunheimen nasjonalpark med 1000 kvadratkilometer. Men planane har fått blanda mottaking.

Bilde av Øvre Leirungen, tatt frå Knutshø

KAN BLI STØRRE: Klima- og miljødepartementet ynskjer å utvide dagens grenser til dei store nasjonalparkane. Mykje høgfjell er verna, nå ynskjer dei å innlemme store areal i lågare og frodigare område.

Foto: SVEIN ANDRE SVENSLI RUDI / privat

Staten meiner det er svært viktige verneverdiar utanfor grensene til Jotunheimen og vil få med kommunane og grunneigarane på frivillig vern.

Men verneprosessen fekk ein tung start.

– Vi reagerer på at styresmaktene vil bestemme i eit område som vi greier å forvalte godt sjølve, seier styreleiar Harald Granrud.

Harald Granrud, styreleiar i Øvre Heidal sameige.

VIL IKKJE HA VERN: Harald Granrud, styreleiar i Øvre Heidal sameige, seier det er gledeleg at statsforvaltaren meiner området har vore så godt forvalta at det kan innlemmast i nasjonalparken. Men han meiner dei greier fint å ta vare på området sjølve.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han representerer rundt førti bønder som har bruksrettar i eitt av dei områda statsforvaltaren ynskjer å innlemme i Jotunheimen.

Både private grunneigarar og kommunane kritiserer verneprosessen for å vera forhasta.

Gamle rettar

Mykje av Jotunheimen er høgtliggande og karrige område. Nå har statsforvaltaren kartlagt lågareliggande område rundt Jotunheimen som dei meiner har interessante verneverdiar.

Utviding av Jotunheimen Nasjonalpark. Skravert område viser kvar dei ynskjer utviding av Jotunheimen.

SÅNN KAN DET BLI: Kartet viser grensene for Jotunheimen nasjonalpark, og dei skraverte områda er der Statsforvaltaren meiner det er interessante verneverdiar som dei ynskjer skal bli nasjonalpark.

Foto: Statsforvaltaren i Innlandet

Men i desse områda har bønder og fastbuande hatt bruksrettar i fleire hundre år, og dei har inga interesse av å bli underlagt enda eit nytt forvaltningsorgan.

Vi har fiskebuer og bruksrettar i området, og vi fryktar sjølvsagt at dette kan få konsekvensar for vår framtidige bruk av området, seier Granrud.

Les også Her har turisttrykket mer enn dobla seg: Det bekymrer naturekspert

Klima- og miljødepartementet seier dagens nasjonalparkar ikkje tryggar det store mangfaldet av artar og naturtypar og ynskjer meir vern.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

VIL IKKJE OVERKØYRE: Statssekretær Aleksander Øren i Klima- og miljødepartementet seier dei har tatt over arbeidet frå førre regjering og vil ikkje kommentere kritikken mot prosessen. Men seier at regjeringa ikkje har nokon plan om å køyre over kommunane.

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL

– Vi har ganske god oversikt over dei manglane som er i dagens vern og kva som bør vernast framover, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Aleksander Øren Heen

Men utan samtykke frå kommunane blir det ikkje nye verneområde.

Ordførarane er skeptiske

NRK har snakka med alle dei seks ordførarane i dei involverte kommunane, og alle er avventande.

Statsforvaltaren i Innlandet seier verneplanane har fått blanda mottaking.

– Dei aller fleste grunneigarane som blir råka er svært skeptiske til vern av sine område, og kommunane er klåre på at dei vil lytte til grunneigarane, seier Vebjørn Knarrum hjå Statsforvaltaren i Innlandet.

Vebjørn Knarrum, Statsforvalteren i Innlandet.

LEDER: Vebjørn Knarrum er avdelingsdirektør i avdelinga for naturmangfald og verneområde hjå Statsforvaltaren i Innlandet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Knarrum meiner at både kommunar og grunneigarar vart overrumpla av korte fristar og lite informasjon då prosessen starta i 2018.

– Det vart veldig mykje støy da vi gjekk i gang, og vi er einige i at prosessen rundt mogleg utvidinga av nasjonalparkane kunne vore betre. Det har vi også spela inn til både direktoratet og departementet, seier Knarrum.

Det er Miljødirektoratet som har hatt regien på verneprosessen, og Knarrum meiner nå det er viktig å starte opp arbeidet på nytt.

– Vi har på ein måte restarta arbeidet, vi går breiare ut, og vi gjennomfører i desse dagar fleire møte med dei involverte.

Landskapsbilde frå Refjellet i Sel Kommune.

VIL VERNE MEIR: Store og karrige fjellområdet dominerer det som er dagens nasjonalparkar. Målet med denne nasjonale verneplanprosessen er at regjeringa ynskjer å verne fleire næringsrike område i låglandet.

Foto: Torgeir Steine

Kan bli null

Stortingsmeldinga «Natur for livet» seier at vern av private område skal bygge på frivilligheit.

I haust skal alle dei involverte kommunane seie ja eller nei til ein vidare verneplanprosess. Om alle svarar nei, blir grensene til Jotunheimen verande som i dag.

– Det kan ende med null. Om kommunane seier nei i haust, så blir det ingen utviding av dei store nasjonalparkane, seier Vebjørn Knarrum hjå Statsforvaltaren i Innlandet.

Refjellet i Sel

KAN BLI KONFLIKT: Refjellet i Sel kommune er eit privatrettsleg sameige på 30 000 dekar. Dette er eitt av dei store områda som styresmaktene ynskjer å innlemme i Jotunheimen. Men ved å drive verneprosessar i låglandet kjem ein fort i konflikt med landbruksinteresser.

Foto: Harald Granrud / privat

I Øvre Heidal sameige har dei alt bestemt seg.

– På årsmøte gjorde vi vedtak om at det over hovudet ikkje er aktuelt for oss å bli innlemma i ein nasjonalpark, seier Granrud i Øvre Heidal sameige.

Statssekretær Aleksander Øren i Klima- og miljødepartementet seier dei har tatt over arbeidet frå førre regjering og vil ikkje kommentere kritikken mot prosessen.

Men seier at regjeringa ikkje har nokon plan om å køyre over kommunane.

– Eg er tydeleg på at regjeringa skal lytte til kommunane, og då lyt det ta den tida som trengst, seier Øren Heen.

Les også 200 år siden Jotunheimen ble «oppdaget»

Flere saker fra Innlandet