Hopp til innhold

Krev makspris på straum: – Industrien blør

Lokale bedrifter fryktar kroken på døra på grunn av straumprisane. No vil dei ha makspris. Men det er regjeringa åtvara mot, seier næringsministeren.

Portrett av Bjørn Sigurd Svingen, leder i Fellesforbundet Raufoss jern og metall

FRYKTAR: Svingen fryktar ein tøff vinter der dei høge straumprisane kan bli kroken på døra for bedriftene.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

– Vi må ha tiltak fort, for industrien blør.

Bjørn Sigurd Svingen, leier i Fellesforbundet Raufoss jern og metall, meiner det hastar å få på plass straumtiltak for bedriftene. I industriparken ligg 50 verksemder med til saman 2500 tilsette. Blant dei Nammo og tyske Bentler.

No krev industritoppane på Raufoss at regjeringa innfører makspris på straum.

Dei fryktar ein tøff vinter der dei høge straumprisane kan bli kroken på døra for store delar av norsk industri.

– Her i industriparken kan fleire bli permitterte eller miste jobben, seier Svingen.

Men det er ikkje berre på Raufoss straumkostnadene fører til problem.

Administrerande direktør i Raufoss industripark Øyvind Hansbråten fryktar at heile den norske eksportindustrien vil bli utkonkurrert.

Øyvind Hansbråten

FØRESEIELEGHEIT: Administrerande direktør Øyvind Hansbråten i Raufoss Industripark etterlyser meir føreseielegheit i straumprisane.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Fryktar å bli utkonkurrert

Før straumkrisa hadde bedriftene i Noreg god tilgang på grøn vasskraft til greie prisar. Det har vore ein av dei største konkurransefordelane på verdsmarknaden, meiner Hansbråten.

– Derfor er det kritisk for oss når straumprisane svingar slik dei gjer i dag.

Han fryktar at bedriftene på Raufoss, som konkurrerer med mellom anna Kina, Tsjekkia og Canada vil bli utkonkurrert viss dei ikkje får like konkurransevilkår.

Les også: Strømkrisen knekker nærbutikker i Bygde-Norge

Kjøpmann Per Arne Røsten inne i butikken sin på Elgå
Kjøpmann Per Arne Røsten inne i butikken sin på Elgå

No ber han regjeringa setje seg i førarsetet, ta tak i straumprisane, og vere like framoverlent som leiarar i andre land i Europa.

Han ber dei sjå til den sosialdemokratiske regjeringa i Tyskland. Dei har sagt at dei vil innføre ein makspris på energi til industrien tilsvarande 70 øre kWh.

– Det er nettopp slik føreseielegheit norsk næringsliv treng viss vi skal ha ein sjanse til å henge med i konkurransen.

Raufoss industripark strøm

BESØK: Alternativ Energikommisjon besøkte Raufoss i går. Frå v administrerande direktør i Ragasco, Skjalg Sylte Stavheim, Trygve Tamburstuen og Gerd Liv Valla.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Næringsminister Jan Christian Vestre fortel at regjeringa jobbar med ei løysing som vil gi bedriftene meir føreseielegheit – men at det ikkje vil vere i form av makspris.

Åtvara mot makspris

Regjeringa har allereie innført fleire tiltak for å hjelpe bedriftene i landet med å handtere straumprisane. Dei har mellom anna ei energitilskotsordning – ei straumstøtte – på gang.

Men denne straumstøtta treffer ikkje godt nok, meiner Erland Paulsrud. Han er klyngjeleiar i Raufoss industripark og representerer industrien i Innlandet.

Han seier at straumstøtta kjem for seint, er beskjeden, og bommar på målet.

– Vi må vere så ærleg å seie at straumstøtta ikkje kjem til å hjelpe alle bedrifter, men ho vil hjelpe om lag 20.000, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap)

VANSKELEG: Næringsministeren seier at det dessverre ikkje finst nokon lettvinte løysingar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han fortel at regjeringa lyttar til bedriftene, og at dei gjer det dei kan for å hjelpe dei gjennom krisa.

Men det blir nok ingen makspris på straum.

Ifølgje næringsministeren har fleire ekspertar åtvara mot makspris, fordi det kan føre til ein situasjon der straumen må rasjonerast fordi det ikkje er nok.

– Faren er at vi forlengjer krisa og at vi ikkje får i gang ny energiproduksjon fordi det ikkje lønner seg, seier Vestre.

Han kan derimot fortelje at regjeringa jobbar med å gi bedriftene den føreseielegheita dei er ute etter på ein annan måte.

– Vi har jobba intenst med å få på plass eit fastprisregime som inneber at bedriftene kan inngå konkurransedyktige fastprisavtalar.

– Kan ikkje la straum vere ei vare

Gerd-Liv Valla i den alternative energikommisjonen besøkte Raufoss industripark på tysdag.

Gerd Liv Valla på besøk hos Raufoss industri

INFRASTRUKTUR: Gerd Liv Valla i Alternativ Energikommisjon meiner straum er infrastruktur, ikkje ei vare.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Den alternative energikommisjonen set spørsmålsteikn ved energipolitikken til regjeringa.

– Vi kan ikkje la straum vere ei vare på linje med tannkostar og andre ting.

Valla meiner at straum er infrastruktur, og støttar industritoppane sitt krav om makspris.

Leiaren av Fellesforbundet Raufoss jern og metall, Bjørn Sigurd Svingen, fortel at han inviterte den alternative energikommisjonen på besøk for å få fortgang i tiltak.

– No må vi få løyst dette og sett i gang med nokre tiltak.