Hopp til innhold

Ho må betale fylkeskommunen over 30 000 kroner for å oppnå legedraumen

Dersom du vil ta opp fag må du ut med 2373 kroner for å ta eksamen. – Studium burde ikkje handle om økonomien til foreldra dine.

Eline Rønningen

MÅ TA OPP TI FAG: Eline Rønningen frå Stange arbeidar hardt for å kome inn på medisinstudiet.

Foto: NRK

I dag fekk over 150 000 håpefulle søkarar beskjed om dei kom inn på draumestudiet sitt. Dei som ikkje gjorde det, kan ta opp fag.

Men det kan bli dyrt.

– Eg har ikkje fullstendig teljinga på kor mange fag eg skal ta opp, sidan eg nettopp har starta, seier Eline Rønningen.

Ho ønsker å bli lege, ei av utdanningane med høgast snittkrav i Noreg. Då må ho punge ut, for det kostar 2373 kroner å ta opp ein eksamen ho har frå før.

– Totalt blir det rundt ti fag, noko eg gjer over to år. Sidan eg også betaler for privatundervisning, blir det dyrt.

Dei som kom inn på det dei ville i dag, må svare i løpet av dei neste dagane:

Skulle fungere avskrekkande

Før 2015 var prisnivået på privatisteksamen 403 kroner for fag ein tok for første gong, og 826 kroner for fag ein tok opp att. Etter 2015 vart det 140 prosent dyrare å ta privatisteksamen. Sidan har det auka jamt.

Eksamen våren 2020

EI DYR AFFÆRE: Fylkeskommunen må betale mykje for å halde privatisteksamen, og er noko av grunnen til at gebyret på eksamenen er så høgt

Foto: Lise Åserud / NTB

Det var to hovudargument for prisauken.

Fylkeskommunane som arrangerte eksamen skulle bli kompensert, sidan det var dyrt. Det skulle også vere avskrekkande for den tredjedelen privatistar som meldte seg til eksamen, men som ikkje møtte opp.

No er prisen 1189 kroner for eksamen i nye eller ikkje beståtte fag, og 2373 for fag du allereie har karakter i.

Vil heller betre utdanninga

Mathilde Tybring-Gjedde frå Høgre sit i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho seier at privatistgebyret er innanfor. Det viktigaste for henne er at det kan dekke utgiftene fylkeskommunen har, slik at dei ikkje må kutte i andre tenester.

Mathilde Tybring-Gjedde

VIL HA FÆRRE PRIVATISTAR: Stortinget har nedsett eit utval for å sjå på opptaket til høgare utdanning. Med fleire som søker studium snittkravet på forskjellige utdanningar pressa opp.

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Etter 13 års gratis skulegang meiner eg det er rimeleg at privatistelevane må betale noko, seier stortingsrepresentanten.

I staden for å endre gebyret vil ho heller fokusere på å ha meir tilpassa vidaregåande opplæring. Då kan det bli færre privatistar og fleire som blir sikra fagbrev og vitnemål.

I tillegg ønsker ho å endre opptaket til høgare utdanning. Akkurat no kan ein få forskjellige tilleggspoeng når ein søker på forskjellige studium. Det pressar snittet opp.

– Slik det er no brukar unge folk fleire av sine beste år på å ta opp fag frå vidaregåande, i staden for å kome seg vidare i jobb og utdanning.

Vil du vite meir om kva dei forskjellige partia meiner om utdanning? Sjekk partiguiden vår:

Må ha ein politikk for situasjonen no

Elevorganisasjonen meiner privatisteksamen bør vere gratis på lik line som andre eksamenar.

Edvard Botterli Udnæs, leder for Elevorganisasjonen.

SKAL IKKJE VERE AVHENGIG AV FORELDRA: Elevorganisasjonen meiner privatisteksamen bør vere gratis, og at administrasjonskostnaden må dekkjast på same måte som ordinære eksamenar.

Foto: Elevorganisasjonen

– Eksamen skal handle om arbeidet du legg inn, ikkje økonomien til foreldra dine, seier Edvard Botterli Udnæs som er eiar for Elevorganisasjonen.

Han er positiv til Tybring-Gjedde sine innspel om å betre både vidaregåande løp og opptak til høgare utdanning. Likevel meiner han dei må ha ein politikk for slik situasjonen er no.

– Vi har heller ikkje lyst til å ha eit system der folk må ta opp fag etter vidaregåande, men slik er det i dag. Då må vi sjå på realitetane i dag, ikkje berre idealistiske ønsker som vi skal jobbe mot.

30 000,– til fylkeskommunen

Med sine ti fag, der nokre inkluderer både skriftleg og munnleg eksamen, må Eline ut med over 30 000 kroner for å kome inn på medisin. Då kan ho ikkje slurve med lesinga.

Eline Rønningen

BERRE SEKS ER GODT NOK: For å kome inn på medisin, går det ikkje an å ha snitt under seks.

Foto: NRK

– Det er berre ein seksar som er god nok når eg tek opp fag.

Sjølv om det blir dyrt, er ho ikkje i tvil om at det er dette ho vil.

– Akkurat no tek eg ein bachelor i psykologi, og det er her eg har funne ut at det er medisin eg faktisk vil drive med.

Flere saker fra Innlandet