Hopp til innhold

Oppussingsboom sender materialprisar til vêrs - må utsetje verandaprosjektet

Martine og Anders er blant dei mange som byrja på husprosjekt i koronaåret. Dei merkar prisauken på tremateriale.

Martine Øverland Sagheim og Anders Wold Grut

DYRT MED DRAUMEHUS: Martine og Anders har følgt nøye med på byggevareprisane.

Foto: Privat

Martine Øverland Sagheim frå Gausdal og sambuaren hennar, Anders Wold Grut, er midt i oppussing av draumehuset. Etter fleire år som leigetakarar fall dei for eit hus frå 1967 i Buvika, litt utanfor Trondheim.

– Det trengde kjærleik, og vi bestemde oss for å totalrenovere, seier Martine.

For å få råd til huset, gjer dei mykje sjølv, sidan Anders er handverkar. Det har også gitt dei høve til å følgje nøye med på prisauken som har skjedd det siste året.

– Då vi vart varsla om ei prisauke i april i år, heiv vi oss rundt og fekk kjøpt inn ein del materiale til éin av to verandaer, men vi fekk ikkje tak i dei terrasseborda vi hadde tenkt å kjøpe, seier Martine.

Framgangen blir dokumentert på instagramkontoen deira @husetibrekka.

Hus under renovasjon

Det har gått mykje arbeid inn i huset det siste året.

Hus under renovasjon

Frå isolering før snøen kom ...

hus under renovasjon

... til ferdig trekledning.

Auke i oppussing og pris

Mange har byrja på oppussingsprosjekt medan dei har hatt meir tid heime i pandemien. Det merkar byggevarebransjen.

Bjarne Hønningstad, driftssjef Moelven Wood

REKORDKVARTAL: Moelven har aldri hatt eit så godt første kvartal.

Foto: Vegard Breie, Moelven

– Dei internasjonale prisane har endra seg mykje fortare enn det eg nokon gong har vore med på, seier Bjarne Hønningstad, divisjonssjef i Moelven Wood.

Årsaka til at prisen på trebaserte byggemateriale blir høgare er samansett.

– Tre er eit attraktivt materiale grunna det grøne skiftet, og når det er ein auke i oppussing, både i Noreg og med byggeaktivitet i USA, samstundes som Nord-Amerika må importere meir grunna borkbiller i Canada, blir det prisauke.

NRK forklarer

Kvifor har trelast blitt så dyrt?

Kvifor har trelast blitt så dyrt?

Prisen på byggemateriale av tre har skote i vêret sidan 2020.

Kvifor har trelast blitt så dyrt?

Tre er eit fornybart byggemateriale, og med auka miljøfokus har etterspurnaden vakse.

Kvifor har trelast blitt så dyrt?

Etterspurnaden er internasjonal. I USA har prisen firedobla seg sidan august. Der er tømmeret nemleg påverka av canadiske borkbiller.

Kvifor har trelast blitt så dyrt?

Samstundes er det mange nordmenn som vil pusse opp, og då blir materialet dyrare.

Byrja du å pusse opp i koronaåret?

Ja, eg ville fikse på heimen min
52%
Nei, eg tykkjer ikkje det er nødvendig
22%
Ikkje enno, men eg har planane klare
26%

2 380 stemmer

Byggevarebransjen går i pluss

Resten av bransjen har også merka trenden. Ifølgje Virke byggevarehandel hadde medlemsverksemdene deira ei auka omsetjing på 5,6 milliardar i 2020 samanlikna med 2019.

Eit oppsving i privatkundar er årsaka bransjeleier i Virke byggevarehandel, Aslaug Koksvik, peiker på. Likevel trur ho ikkje bransjen kan sjå på uendeleg vekst.

– Vi kan jo tenke oss at omsetjinga no er lånt frå framtida, og at etter pandemien er folk ferdig oppussa, seier ho.

Trass i dette er det ikkje teikn til stopp i prisveksten enno. Moelven hadde si største omsetjing i eit første kvartal, no i 2021.

Materialer pakket i Moelven-plast.

PRISAUKE: Frå 1. juni må kundar vente endå ei prisauke på trelast.

Foto: Moelven

Dei som ikkje har starta oppussinga enno, kan heller ikkje forvente billigare materiale med det første. Moelven og andre aktørar i marknaden har meldt eit prishopp frå 1. juni. Kor stort det blir er usikkert, men Hønningstad er forklarer at det heng saman med den store etterspurnaden.

– Prisane i Noreg følgjer den internasjonale marknaden.

Nok å gjere

For Martine og Anders tyder det ein brems i bygging av veranda, men dei meiner at det mest nødvendige er på plass. Martine seier at med fulltidsjobb er det ikkje berre pengar som må til for å gjennomføre eit slikt prosjekt.

– Vi treng ein god dæsj optimisme, mykje pågangsmot og tolmod. Det hadde heller ikkje gått utan kunnskapen til Anders, og at eg er lærevillig, seier ho.

Flere saker fra Innlandet