Pris til Trysil for breiband
Trysil kommune får ein europeisk pris for at dei gjev alle innbuarane breiband og at dei har jobba systematisk for å nå dette målet.
Det er spesielt trekt fram at dei har greidd å nå så mange i eit tynt befolka område med store avstandar.
Nå står det att berre nokre få husstandar før alle har breiband i løpet av 2024.
Dette har kosta kommunen 100 millionar kroner. Kommunen har betalt mykje, og det har også Telenor.
Ordførar Turid Backe-Viken i Trysil, seier dette viser at det umogleg er mogleg, berre ein går saman og løfter i flokk.