Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot å snu ved ulykkesstader: John Anders (41) er sjokkert over det han såg

Fleire titals bilar snudde og køyrde frå staden for å unngå køen, då det nyleg skjedde ei dødsulykke på E6 i Fåvang. 41-åringen frykta det kunne smelle på nytt.

Snur i vegbanen etter bilulykke i Fåvang.

ÅTVARAR: Ulykka søndag kveld var ein front mot frontkollisjon mellom ein personbil og ein lastebil. Politiet går ut med beskjed om at trafikantar må unngå å snu i vegbanen ved ulykker. Naudetatane kjem i stor fart, og desse må ha så fri veg som mogleg for å unngå forseinkingar, seier dei. Her snur ein bil i vegbanen på E6 i Fåvang, like før ulykkesstaden der ein person omkom.

Foto: SIGNE KARIN HOTVEDT / NRK

– Folk begynte umiddelbart å snu. Det er utruleg risikabelt, og viser mangel på respekt for alvoret i situasjonen.

Det seier John Anders Mohn Gaustad. Saman med familien sat han rundt fire timar i kø, då det søndag kveld førre veke omkom ein person på E6 i Fåvang.

Vegen var stengd i begge retningar og trafikantane stod lenge bom fast.

Gaustad er sjokkert over alle bilane som snudde i køen, og at mange køyrde over doble sperringar for å kome seg bort.

Politiet seier dette er eit gjennomgåande problem.

John Anders Mohn Gausdal.

REDD DET KUNNE SKJE EI NY ULYKKE: – Det er skremmande å sjå. Eg reagerte sterkt på dette. Vi følte oss utrygge, seier Gaustad.

Foto: privat

– Egoisme

Gaustad seier han sjeldan føler seg utrygg i trafikken, men at han søndag kveld kjende frykta i kroppen.

– Det var rett og slett skremmande å sitte der med to ungar i bilen, og kjenne på at det kunne smelle når som helst, seier han.

– Det er egoisme, ingenting anna, legger han til.

Medan Gaustad sto i køen la han ut ei frustrasjonsmelding på Facebook: «Kva er det som feiler folk?», spør han:

John så folk snu i vegbanen da han sto i kø.

FRUSTRERT: «Vis litt respekt og ta omsyn til dine omgivnad, og slutt å sette andre i fare med omsynslaus køyring», skreiv Gaustad på Facebook ein times tid etter politiet bekrefta at ein person hadde omkommen på E6 i Fåvang.

Foto: skjermbilde

Eit gjennomgåande problem

Jon Gaarden i Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor, fortel at dei veldig ofte ser bilistar som snur i vegbanen ved ulykkesstader for å unngå og stå i kø.

– Folk blir utolmodige, også begynner dei å snu. Vi er jo flokkdyr, så vi har lett for å henge oss på.

Dette seier han kan vere livsfarleg.

– Slikt skjer veldig ofte når det er alvorlege ulykker der trafikken blir ståande over lengre tid. Då kan det fort skje ein ny ulykke, der det blir kollisjon med eit utrykkingskøyretøy som er på tur frå eller til staden, seier Gaarden.

Lensmann Jon Gaarden

FARLEGE SITUASJONAR: – Når ambulanse har vore på staden må dei komme seg vekk, gjerne kjappare enn resten av trafikken køyrer. Det skaper mange farlege situasjonar ved å legge seg ut i vegbanen, seier Gaarden.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Lensmannen fortel at det er tryggast å stå i ro, før du får ein annan beskjed frå politiet på staden.

Etter ulykka på E6 søndag kveld la politiet ut ei melding på Twitter om at trafikantane ikkje måtte snu:

Skjermbilde av politiet i Innlandet på Twitter.

I STOR FART: «Vi oppmodar trafikantar til ikkje å snu i vegbanen, det kjem naudetatar i stor fart mot staden», skreiv politiet i Innlandet på Twitter då det nyleg skjedde ei ulykke på E6 i Fåvang.

Foto: Skjermbilde

Fleire av bilistane som snudde køyrde bort frå køen i riktig køyreretning. Men dette kan vere vel så farleg, ifølge Gaarden.

– Det kan komme utrykkingskøyretøy begge vegar. Det kan vere ein alvorleg skade som gjer at ambulansen må komme seg fort til sjukehuset. Så det blir fort farlege situasjonar ved at folk snur, sjølv om dei køyrer i same retning som ambulansen, seier Gaarden.

Bilist snur i vegbanen.

SÅ FLEIRE SNU: NRKs reporter på staden såg fleire titals bilar snu i vegbanen søndag kveld. Ein personbil hadde kollidert med ein lastebil, og det var lange køar i begge retningar. På biletet kan du sjå ein bil køyre ut av køen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Dette gjer du:

Mellom 2010 og 2020 vart det registrert 123 ulykker med utrykkingskøyretøy i Noreg, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ambulanse kolliderte i Folldal

UNDER UTRYKKING: 30. august kolliderte ein ambulanse og ein personbil i Folldal. Tre personar vart køyrde til legevakta for sjekk. Ambulansen var under utrykking.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

For å hindre å hamne i ei ulykke med ein utrykkingsbil, og for at naudetatane ikkje skal bli sinka, er det sju punkt du som trafikant bør tenke på:

  1. Bruk blinklys. Dette gjer at naudetatane veit at du har sett dei.
  2. Senk farten, men ikkje bråbrems.
  3. Trekk ut til kanten, men hald roa. Som ein hovudregel bør du legge deg ut til høgre, sjølv på ein tofelts veg.
  4. Ikkje stopp i ein sving, men køyr heller lengre fram slik at det går an å køyre forbi.
  5. Sjekk kvar utrykkingsbilen ligg i vegen.
  6. Sjå på andre trafikantar. Viss alle legg seg ut til høgre, er det best om du gjer det same.
  7. Ikkje snu i vegbanen når du står i kø mot ein ulykkesstad.

– Dette gjer det lettare for oss å kome til, og det hjelper oss med å kome fram på ein sikker måte, seier Gaarden.

41 år gamle Gaustad seier han er takksam for at naudetatane gjer den jobben dei gjer.

– På vegner av oss som sto i køen vil eg gi ein stor takk til alle som rykker ut og som står i slike situasjonar dagleg. Det krev mykje å navigere seg fram til ein slik ulykkesplass. Dei gjer ein kjempeviktig jobb, seier han.

Sjå òg denne videoen om korleis du bør reagere når du ser blålys bak deg:

Brannvesenet utrykning

FØLGJER IKKJE MED: Her kan du sjå det brannvesenet kallar for «bil to-syndromet», der sjåføren blir meir oppteken av kva som skjer framfor enn å følgje med i spegelen.

Flere saker fra Innlandet