Hopp til innhold

Sikta etter å ha påstått truslar og seksuelt overgrep

Politiet har sikta ein ung mann for falsk forklaring. Han påstod at han vart truga med skytevåpen og utsett for overgrep.

Mjøstårnet, Wood Hotel

MJØSTÅRNET: Mjøstårnet i Brumunddal har mellom anna hotell, leilegheiter og kontor. Politiet rykka ut etter melding om trusselsituasjonen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det var fredag 16. april at politiet rykka ut til Mjøstårnet i Brumunddal etter melding om ein trusselsituasjon.

Mannen gav skildring av ein person som skulle ha truga han med skytevåpen. Deretter skal den seksuelle handlinga ha skjedd.

Etter å ha etterforska saka i ei veke konkluderer politiet med at det mannen sa ikkje var sant.

Laster Twitter-innhold

– Alvorleg

Politiadvokat Sten Floor Nelson seier dei tar slike falske forklaringar veldig alvorleg.

– Politiet har gjort betydeleg etterforskingsarbeid for å prøve å identifisere mogleg gjerningsperson. Fornærma har gitt skildring av gjerningspersonen og kva han har gjort.

Sten Floor Nelson

ALVORLEG: Politiadvokat, Sten Floor Nelson seier det er veldig alvorleg å gi slike falske forklaringar for politiet.

Foto: Tom Haakenstad / NRK

Mannen, som er mellom 15 og 20 år gamal, fortalde også om bevegelsane til seg sjølv og den påståtte gjerningsmannen. Etterforskinga har vist at forklaringane ikkje er rett.

I avhøyr

Nelson fortel at dei ikkje veit noko om motivet hans for dette. Politiet hadde ikkje kjennskap til mannen frå før.

Den sikta sit i avhøyr no og vi veit ikkje korleis han stiller seg til spørsmålet om straffskuld.

Når nokon kjem og melder straffbare forhold tar politiet det seriøst. Når det er urette opplysningar og forklaring til politiet tar det unødvendig etterforskingskapasitet, seier Nelson.

– Ein opplever av og til at det er urett forklaringar med seksuelle overgrep. Det er beklageleg med tanke på dei som faktisk blir utsett for seksuelle overgrep, seier politiadvokaten.

Flere saker fra Innlandet