– Det er heilt surrealistisk, men samtidig veldig stas.
Det seier 25 år gamle Nora Gjestvang. Ho har drive med dubbing og skodespel sidan ho var elleve år gammal.
Nyleg lanserte spelegiganten Riot Games ein splitter ny karakter i onlinespelet Valorant.
Nora har fått æra av å vere stemma bak karakteren – ei norsk kvinne med namnet «Deadlock».
Det er sjeldan vare i den internasjonale speleindustrien.
Blir høyrt av mange millionar
Du har kanskje høyrt stemma til Nora Gjestvang før.
Ho har tidlegare dubba ei rekkje filmar og seriar. Ho vart mellom anna hyra inn som den norske versjonen av Vaiana i filmen med same namn.
No skal mange millionar spelarar høyre stemma hennar kvar einaste dag.
– Riot Games fortalde meg at Valorant har rundt 25 millionar månadlege spelarar. Eg klarer ikkje heilt å forstå at så mange personar skal høyre meg.
SKODESPELAR: Nora Gjestvang er utdanna skodespelar og har mellom anna dubba fleire filmar og seriar.
Foto: Riot GamesNora fortel at ho ikkje visste heilt kva ho prøvde å bli med på. I fjor haust hadde eit studio sagt at dei ville ha mange jenter på hennar alder inn til audition.
Det var ingen som visste heilt kva slags produksjon det var snakk om. Men då Nora hadde vore på eit par auditions byrja ho å forstå at dette var noko stort.
Ein dag tikka det inn ein e-post – ho hadde fått rolla.
– Eg var på ein stad med ganske mange menneske rundt meg, og dette var jo topphemmeleg. Eg hadde lyst til å rope, men måtte halde gleda inni meg, seier ho.
Rolla ho hadde sikra seg var agenten «Deadlock» i onlinespelet Valorant.
NORSK: Den nye agenten «Deadlock» kjem frå Noreg og snakkar både norsk og engelsk i spelet.
Foto: Riot Games
Kjenner på eit ansvar
Innspelinga av hovudreplikkane til Deadlock skjedde i Oslo i vinter.
Der fekk Nora vere med på å forme ut karakteren, og komme med forslag til gode, norske replikkar.
– Eg fekk mellom anna lov å seie «ut på tur, aldri sur». Det er eigentleg ein veldig lite badass ting å seie, men det er liksom så norsk ein får det.
Ho meiner det er viktig at norske skodespelarar blir hyra inn til norske roller.
– Det er eit spel som blir spelt over heile verda, og då er det lurt å inkludere heile verda. Det er Riot Games veldig flinke til, seier ho.
SJELDAN: Karakterar som norsk er ikkje så vanleg i internasjonale spel.
Foto: Riot GamesNora fortel også at ho kjenner på eit ansvar om å representere Noreg, og det norske språket, til eit internasjonalt publikum.
– Det er kanskje noko av det vesle inntrykket folk rundt om i verda får av landet, seier ho.
Norsk er nemleg ikkje særleg utbreidd i den internasjonale speleindustrien.
– Sjeldan språk i spel
Håvard Haugerud er dagleg leiar i Hamar Game Collective. Det er ein «klyngje» av speleutviklarar samla på Hamar, og dei blir rekna som nokre av landets fremste.
Haugerud synest det er veldig gøy at Riot har laga ein norsk karakter, som også snakkar norsk i spelet.
Han fortel nemleg at norsk er eit sjeldan språk i internasjonale spel.
– Det er eit lite språk i ein internasjonal bransje, så ein høyrer det ikkje så ofte.
INSPIRERT: Haugerud fortel at fleire internasjonale spelutviklarar blir inspirert av norsk kultur.
Foto: Kristina Hågensen / NRKMen ifølgje Haugerud er det ikkje heilt uvanleg at internasjonale speleutviklarar blir inspirerte av norsk og nordisk kultur.
– Det som er vanleg for oss verkar veldig eksotisk for andre. Særleg dette med vikingar og det norrøne blir ofte drege fram i dei store titlane.
Må fremje norsk for å få støtte
Håvard Haugerud fortel at selskapa hos Hamar Game Collective er opptekne av å fremje norsk språk, kultur og historie i spela sine.
Faktisk er det slik at alle som vil få offentlege tilskot på audiovisuelle produksjonar i Noreg må gjennom «Kulturtesten».
Ifølgje Norsk filminstitutt må produksjonane må oppfylle minst tre av dei fire kriteria for å få støtte.
Haugerud trekkjer fram spela My child Lebensborn frå 2018 og Draugen frå 2019 som spel som fremjar norsk kultur og historie.
– Begge spela gjorde det også veldig bra internasjonalt, fortel Haugerud.
Får kritikk for manuset
Sjølv om den norske spelarbasen i all hovudsak er fornøgde med å bli representerte i Valorant, er nokon kritiske til det norske språket som blir brukt så langt.
Spelarane fekk høyre den norske agenten si stemme for første gong i ein seks minuttar lang video publisert på Valorant sin YouTube-konto.
I videoen utforskar Deadlock og tre andre personar ein bygning på Svalbard. Dei treff ein isbjørn, som Deadlock nedkjempar åleine til slutt.
Fleire norske Valorant-spelarar, mellom anna på nettforumet Reddit, meiner at den norske dialogen i videoen er unaturleg.
NRK har spurt Riot Games kva dei meiner om dette, men dei har ikkje svart.
Hei du!
Hva synes du om denne saken?
Har du noen tips til andre saker jeg bør se på?
Da må du gjerne ta kontakt med meg!