Hopp til innhold

App skal halde folk trygge under julehandelen

GJØVIK (NRK): På eit av landets største kjøpesenter går alarmen når det nærmar seg 3000 besøkande. Då kan folk som vil inn bli møtt av stengde dører.

Cc kjøpesenter teller kundene

ALARM: Ein app gjer at senterleiar Vibeke Askevold kan ha full kontroll over kor mange kundar som er på senteret. Går talet over 3000 går ein alarm, og då vil dørene bli stengt.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi har teljarar ved inngangane og i alle butikkane. Dei tel kor mange som går inn og kor mange som går ut, seier senterleiar på CC Gjøvik, Vibeke Askevold.

Tala kjem inn på ein app som ho kan overvake.

Dermed har ho alltid kontroll på kor mange som er inne på det 40.000 kvadratmeterstore kjøpesenteret.

Desse dataa blir brukt for å gjere det enklast mogleg for folk å overhalde smittevernreglane.

Maks 3000 besøkande

– Taket for kor mange kundar vi kan ha om gongen er jo eigentleg ganske høgt. I normale tider har vi plass til mange tusen her inne, for det er jo eit veldig stort kjøpesenter.

CC Gjøvik

STORT: Kjøpesenteret CC Gjøvik har vanlegvis plass til fleire tusen menneske, men under koronapandemien har senterleiinga sett ei grense på 3000.

Foto: Kristina Skramsar / NRK

Om alle skal kunne halde ein meter avstand frå kvarandre, må talet betrakteleg ned.

– Akkurat no har vi justert makstalet opp mot 3000. Eg får ein alarm på telefonen når vi byrjar å nærme oss 2000, for då trur vi at det på enkelte område vil opplevast som at det er mykje folk, fortel Askevold.

Dersom den alarmen går, blir det vurdert fleire tiltak.

– Då må vi vurdere om vi skal stenge enkelte inngangar, og sette inn vakter. Då må folk stå i kø utanfor og vente til vi har mindre folk inne på senteret, seier ho.

Enkelt for kundar å følge smittevernreglar

– Eg er veldig glad for at dei har eit bevisst forhold til kor mange dei slepper inn, seier kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg.

Kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg

BEVISSTE: Kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg, seier ho er glad for at senteret har eit bevisst forhold til kor mange dei slepp inn.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Ho legg til at dei dermed kan sørge for at kundane held minst ein meters avstand til kvarandre.

– Eg håpar folk følger råda frå handelsstanden om å spreie handlinga ut over eit lengre tidsrom, og også utover heile dagen slik at ikkje alle kjem samtidig, seier Berg.

Kan stenge dørene

Senterleiaren fortel at det spesielt er enkelte plassar på senteret som er utfordrande.

– Nokre stader kan det fort bli liten rørsle i menneske, til dømes på store opne plassar inne på senteret. Då kan det verke som at det er mykje folk, sjølv om det er heilt tomt i andre etasje til dømes, seier Askevold.

Cc kjøpesenter teller kundene

APP: Denne appen har senterleiaren tilgang til på mobilen. Dersom den registrerer over 3000 folk på senteret får ho beskjed.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dersom talet på besøkande nærmar seg 3000, kan folk som vil inn bli møtt av stengde dører. Talet er sett etter ei vurdering basert på kvadratmeter.

– I utgangspunktet har vi plass til mange, mange tusen menneske, men vi har justert makstalet ut ifrå kva vi trur sjølv og korleis vi opplever det sjølv, seier ho.

Bøna er klar

– Vi oppmodar folk til å heller komme no. Det er framleis ei veke igjen til det store julerushet kjem, så vi oppmodar folk på det sterkaste til å gjere unna julehandelen no.

Ho seier òg at det ofte kan vere smart å tenke på når på døgnet ein tek turen ut.

– Vi oppmodar òg alle til å bruke heile opningstida vår. Det er mest folk mellom klokka 11 og 14, og mellom 17 og 19, seier Askevold.

cc kjøpesenter teller kundene

HALD AVSTAND: Senterleiar Vibeke Askevold ber folk besøke senteret utanfor rushtid. Ho oppfordrar også folk til å handle i god tid.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Flere saker fra Innlandet