Hopp til innhold

Ordførarskifte i Lillehammer: Høgre tar over for Ap

Arbeidarpartiet har hatt ordføraren i Lillehammer sidan 1946. No får Høgre ordføraren, sjølv om Ap fekk flest prosentpoeng i valet.

Hans Olav Sundfør (Høgre) blir ordførar Lillehammer

ORDFØRAR: Hans Olav Sundfør er påtroppande ordførar for Høgre i Lillehammer kommune.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg gler meg til å bli ordførar, og eg trur alle som er med i denne koalisjonen gler seg til det politiske samarbeidet me skal ha framover, seier Hans Olav Sundfør som er påtroppande ordførar for Høgre i Lillehammer kommune.

Sjølv om Arbeidarpartiet har hatt ordføraren i 77 år i kommunen, og sjølv om partiet fekk flest prosentpoeng i valet, så fekk partiet ikkje ordføraren no.

– Det er eit resultat av valet, og eg ønsker den nye ordføraren Hans Olav Sundfør lukke til, og me må også kunne samarbeide med gode løysingar i åra som kjem, seier noverande ordførar Ingunn Trosholmen (Ap).

Høgre får ordføraren og Jytte Sonne i Kristeleg folkeparti blir varaordførar.

– Eg tenker det er veldig sunt at ein har skifte i demokratisk styre med jamne mellomrom. 77 år er for lenge, seier Sundfør.

Han reknar ikkje med at Høgre blir sittande i 78 år, men ei god stund. Han meiner variasjon i politisk leiing er viktig for demokratiet og sunt for byen.

Ingunn Trosholmen (Ap) har fått vite om ordførarskifte i Lillehammer.

Ingunn Trosholmen (Ap) seier ho skulle ønske at Ap hadde vunne valet med nokre mandat til, slik at dei hadde eit fleirtal for å styre på sosialdemokratisk politikk.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg må innrømme at eg skulle ønske at me hadde kome heile vegen inn, seier Trosholmen.

Vil løyse dei store oppgåvene

Høgre har blitt einig om ein samarbeidsavtale med seks andre parti.

Koalisjonen består av Høgre, Venstre, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti, Pensjonistpartiet, Framstegspartiet og Industri- og næringspartiet.

Dermed har koalisjonen godt over halvparten av mandata.

Sundfør seier at han tenker at oppgåvene som no står framføre han er «ganske store».

– Me har svært store oppgåver innanfor helse, me har betydelege oppgåver ovanfor skule, og me må få til næringslivsvekst og jobbvekst i Lillehammer. Dette blir fire krevjande år, seier Sundfør.

Han seier dei også har store økonomiske utfordringar, og at det er mykje å ta tak i.

– Og det skal me samarbeide breitt om i kommunestyret. Både i posisjon og med opposisjonen, seier Sundfør.

Trosholmen stadfestar at Lillehammer står ovanfor store utfordringar både innanfor helse og omsorg. Også når det gjeld skule og oppvekst.

– Dette er veldig viktige oppgåver. Og me kjem til å vere konstruktive i dialogen med den sittande koalisjonen, seier Trosholmen.

Kommunestyret i Lillehammer

Lillehammer har undefined plasser i kommunestyret. Plassene blir fordelt slik:

Les også: Stenseng lover grundig oppvask – vil ikke bruke k-ordet

 Kjersti Stenseng
 Kjersti Stenseng

– God konstellasjon

Høgre har gjort brakval i fleire kommunar, og Arbeidarpartiet har gått tilbake.

Også i Ringsaker mistar Arbeidarpartiet makta, etter å ha hatt ordføraren i over 90 år. Odd Amund Lundberg frå Senterpartiet blir ny ordførar. Fleirtalet består av Senterpartiet, Høgre, Pensjonistpartiet, Framstegspartiet, Venstre og Industripartiet.

I Lillehammer har forhandlingane tatt noko tid. Sundfør seier det har vore forskjellige alternativ som har vore sondert og forhandla. Trosholmen opplever ikkje at koalisjonen no er eit avtalebrot frå Venstre og Senterpartiet.

– Me hadde ikkje avtale på anna enn at me skulle forhandle, og det har dei gjort, seier Trosholmen.

Sundfør seier det har vore jobba med alternativet som no har blitt bestemt ei god stund.

– Det er ein veldig god konstellasjon, ein blågrøn konstellasjon som me gler oss til å jobbe med, seier Sundfør og legg til at dei har ambisiøse klimamål.

– Me skal legge ein gjennomførbar plan for å nå Lillehammer sin del av klimåla, og me trur me har gode mekanismar for å få til det, seier han.

Les også: Valforskar om bygdelister: – Fyller eit behov

By- og bygdelistas ordførerkandidat Vigdis Stensby flankert av sine egne under valgvaka på Hamar rådhus.
By- og bygdelistas ordførerkandidat Vigdis Stensby flankert av sine egne under valgvaka på Hamar rådhus.

Les også: Eirik (79) blir varaordfører takket være brakvalg for Pensjonistpartiet

Pensjonistpartiet Kongsvinger
Pensjonistpartiet Kongsvinger

Flere saker fra Innlandet