Same dag som forslaget til statsbudsjett vart lagt fram, starta ordførar Tore Hagebakken (Ap) i Gjøvik ein landsomfattande aksjon. Han fekk umiddelbar respons frå ordførarar landet rundt.
Nå krev dei 2,5 milliardar kroner meir til kommunane. Og alle ordførarane skal sende ein fax der dei signerer oppropet, - rett til kommunalminister Erna Solberg sitt kontor.
- Verre enn nokon gong
"Tid for opprør" er overskrifta på brevet Gjøvikordførar Tore Hagebakken sendte som e-post til ordførarar over heile landet onsdag ettermiddag.

Tore Hagebakken
Hagebakken meiner regjeringa sulteforar kommunane, og gjer det umogleg for kommunepolitikarane å sørge for den velferda innbyggarane har krav på.
- Budsjettforslaget som vart lagt fram i går gjer situasjonen verre enn nokongong, meiner Hagebakken.
- Uhaldbar situasjon
- Eg får e-postar frå ordførarar som må kutte 50-60 millionar kroner dersom statsbudsjettet blir vedtatt, fortel Hagebakken.
- Vi vil markere oss, og håpar å kunne påverke Stortinget til å forstå at kommunane ikkje kan kutte så mykje som regjeringa legg opp til, seier ordføraren.
- Målet er eit statsbudsjett med meir pengar til kommunane enn budsjettforslaget legg opp til, seier Hagebakken.
- Dette går rett og slett ikkje lenger, legg han til.

Per Kristian Foss
Avviser kritikken
Finansminister Per Kristian Foss slår attende mot kritikken frå kommunane.
Ordførarane som har sett i gang eit opprop får ingen sympati frå Foss.
- Eg er ikkje overraska over dette utspelet frå ein Arbeidarpartiordførar, seier finansministeren.
- Det er ikkje mykje å gå på, men det blir interessant å sjå kor mykje Arbeidarpartiet er viljuge til å gje til kommunane, legg han til.
- Dei må bruke pengar berre på det som er lovpålagt og spare på alt anna, er Per Kristian Foss si oppskrift på korleis kommunane skal få endane til å møtast.

Eivind Brenna
Skuffa over sine eigne
Venstreordførar Eivind Brenna i Vestre Slidre innrømmer at kommunane ikkje har kome så godt ut i forslaget til statsbudsjett.
- Eg er skuffa over mi eiga regjering, innrømmer Brenna.
- Men eg trur ikkje det hadde vorte betre kommuneøkonomi med ei Arbeidarpartiregjering, seier ordføraren.