Hopp til innhold

– Må det skje noko før vi reagerer?

Fleire Arbeiderpartiordførarar i Hedmark krev at fleire ulvar skal skytast. Nå ber dei Miljøverndepartementet gripe inn.

Ulv! Ulv!

Fleire Arbeiderparti-ordførarar vil skyte meir ulv i Hedmark.

I Slettås i Trysil kommune fryktar bebuarane følgjene av nærgåande ulv. Dei meiner at ulven har vorte så tam og uredd at det går utover folk som bur i nærleiken.

Førre veke var dei i Oslo for å møte stortingsrepresentantar for å prøve å påverke arbeidet med ei ny rovdyrmelding.

Må det skje noko før vi reagerer? Eit menneskeliv må vere verdt meir enn som så, og at det ikkje har skjedd noko enda må vi berre vere glade for.

Ordførar Ole Martin Norderhaug om situasjonen i Slettås i Trysil

– Må ta ut meir ulv

Nå kastar dei lokale Arbeiderparti-ordførarane seg inn i kampen for å bli kvitt fleire ulvar i området.

– Nå er bestandsmålet nådd, og derfor meiner vi det er grunnlag for å ta ut meir ulv enn dei tre dyra som rovviltnemnda har foreslått.

Det seier ordførar Ole Martin Norderhaug i Trysil. Han har saman med Reidar Åsgård (Engerdal), Nils A. Røhne (Stange), Eva Tørhaug (Folldal), Arne Grue (Os) og varaordførar Harald Romstad (Løten) skreve brev til Miljøverndepartementet.

– Det at det er fleire som står saman viser at det er ubalanse mellom det folk meiner og det som forvaltninga legg opp til, seier Norderhaug.

– Fullstendig uforsvarleg

Naturvernforbundet er, ikkje uventa, heilt ueinige med Ap-ordførarane i Hedmark.

– Det vil vere fullstendig uforsvarleg forvaltning å skulle skyte oss under bestandsmålet når vi har brukt sju år på å nå det, seier fagleiar Arnodd Håpnes.

Han trur ikkje at ordførarane vil nå fram med kravet sitt om at det skal skytast meir ulv.

– Eg kan aldri tenke meg at styresmaktene godtek at vi øydelegg det bestandsmålet vi har jobba for å nå i sju år.

- Men ville du tørt å ha ungane dine ute på Slettås?

– Det blir eit hypotetisk spørsmål ettersom eg ikkje bur der, seier Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.