Hopp til innhold

Ordføraren sjukmeldt og skuldar på «politiske intrigar»

Det stormar i politikken lengst nord i Gudbrandsdalen. Ordføraren i Dovre skulle ha kommunestyremøte om å kaste rådmannen. Saka vart utsett og ho vart sjukmeld.

Ordfører Astrid Skomakerstuen Ruste (Ap)

SJUKMELDT: Den 34 år gamle ordføraren, Astrid Skomakerstuen Ruste (Ap) er sjukmeld til 26.03.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Einig og tru til Dovre fell, heiter det. Men akkurat no er det ikkje semje som pregar bygda mellom Lesja og Sel, øvst i Gudbrandsdalen.

Det handlar om konfliktar innanfor parti, mellom parti og også mellom politikarar og administrasjonen.

Ifølgje den sjukmelde ordføraren, har det vore konfliktar der heilt sidan før ho vart vald i 2019.

Astrid Skomakerstuen Ruste meiner ho er sett på sidelinja i si eiga kommune. Andre meiner det er ho som er fråverande.

Denne veka toppa det seg då det skulle behandlast ei personalsak i kommunen. Etterpå vart ho sjukmeld.

Vil kaste rådmannen

Det vart eit spesielt møte i kommunestyret denne veka. Ifølge opposisjonen skal Skomakerstuen Ruste ha foreslått at rådmannen blir oppsagd.

Det kjem også fram i eit brev som leiargruppa i kommunen sende til kommunestyret:

«Leiargruppa i Dovre kommune er kjend med at ordførar fremjar sak til kommunestyret 15.03.21 vedr. avslutning av arbeidsforholdet med rådmann Halvor Nissen. I den samanhengen ønsker vi å gi til kjenne vårt syn ovanfor kommunestyret, som skal behandle den framlagde saka,», står det i brevet.

I følgenotatet til brevet får rådmannen full støtte av leiargruppa.

Ordføraren seier dette ikkje er noko ho har funne på, men at det er snakk om eit forslag om å einast om ei sluttavtale for rådmannen.

Saka stod på dagsordenen på kommunestyret sitt møte måndag 15. mars. Men behandlinga av saka vart utsett og sendt tilbake til formannskapet. Dagen etter vart ordføraren sjukmeld.

Astrid Skomakerstuen Ruste

UTSETT: På dette kommunestyremøtet 15. mars skulle dei diskutere saka som handlar om rådmannen. Saka vart utsett.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Elisabeth Dalum er gruppeleiar for Senterpartiet. Ho seier dei alle var førebudde på å behandle denne personalsaka. Ikkje minst for å få skikkeleg greie på kva den eigentleg handlar om.

– Eg vil berre seie, at med den bakgrunnen og det materialet vi har fått framvist fram til no, så har eg store utfordringar med å skjønne at dette er ei sak i det heile, seier ho.

Og Astrid Skomakerstuen Ruste vil ikkje seie så mykje om det.

– For meg handlar det om ordførar-rådmanns-samhandling. Eg vil ikkje seie meir om det, seier ho.

NRK har vore i kontakt med rådmann, Halvor Nissen. Han vil ikkje kommentere.

Hevdar det er mykje politisk spel

Astrid Skomakerstuen Ruste seier grunnen til at ho vart sjukmeld seg var for å ta seg ei pause. Og tenke over kva ho sjølv kan ha gjort for å bidra inn i alle konfliktane i bygda.

Ho skreiv e-post til formannskapet for å melde om sjukmeldinga si:

«Det er for mykje relasjonar, politisk spel, strategi, taktikk og kommunikasjon utanom møte og bak ryggen til ordførar, til at ordføraren får gjort den jobben ho ønskjer for innbyggjarane.», stod det.

– Samtidig er det vanskeleg å sette fingeren på kva som går føre seg. Det handlar for mykje om relasjonar og kamp om makt. Du føler til slutt du er redusert til ein møteleiar og eit ansikt ut. Det er ikkje det eg gjekk inn i dette for, seier ho til NRK.

Elisabeth Dalum.

VIL HA BEHANDLING: Senterpartipolitikar, Elisabeth Dalum, seier det er veldig viktig å få behandla personalsaka om rådmannen i kommunen raskt. Anten om saka blir trekt eller kjem tilbake til kommunestyret.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Elisabeth Dalum i Senterpartiet, meiner derimot at dei eigentleg har eit godt samarbeid i kommunen.

– Det er synd at det forsvinn i ein graut av personlege kjensler. Når vi har hatt kommunestyremøte fattar vi veldig mange gode vedtak, seier Dalum.

Ho hevdar òg at det har vore konfliktar og uro internt i ordføraren sitt eige parti, Arbeidarpartiet. Og at det har forplanta seg vidare.

Full strid om skule

Ei spesiell sak splitta partiet, og har prega mykje av politikken medan ordføraren har sete i leiarstolen. Nemleg skulenedlegging.

I fjor vart det vedteke å leggje ned ein av dei to skulane i kommunen, Dovre skule. Dermed skal alle elevar gå på same skule som ligg på Dombås, 13 kilometer unna.

Ordføraren var sterkt imot dette og stemde imot resten av partiet sitt.

Kommunehuset i Dovre

KONFLIKTAR: Fleire av dei NRK har vore i kontakt med i Dovre, seier at politikken har vore prega av konfliktar i lang tid.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det storma mykje rundt vedtaket. Og saka sette spor, meiner Frode Faksvåg (Ap).

– Vi har vorte veldig polariserte etter behandlinga av skulesaka. No er vi i ferd med å gjennomføre det vedtaket. Då blir jobben vår å prøve å samle partiet for dei sakene som er viktige for oss, seier Faksvåg.

Han meiner elles at det er heilt greitt å vere usamde i saker internt i partiet, så lenge det blir gjort på ein sakleg måte.

Dovre kommune har rundt 2500 innbyggjarar. Då Astrid Skomakerstuen Ruste vart vald til ny ordførar i 2019, vart mora hennar, Guri Ruste varaordførar. Ho representerer bygdelista, «Dovrelista».

Dermed fungerer Guri Ruste som ordførar no. Ho ber om arbeidsro for å lande saka til det beste for alle.

– Eg ser det som viktig at vi får tid og rom til å løyse utfordringane slik at vi kan gå vidare med å utnytte Dovre dei mange moglegheitene sine. Det er viktig å få til betre dialog og samarbeid politisk slik at vi kan gjere den jobben innbyggjarane har valt oss til å gjere. Det er viktig at vi samlast om å få ting til å skje i heile bygda. Noko eg er sikker på alle involverte kan samlast om som mål, seier Guri Ruste.

Ordfører sjukmeldt.

Ordfører i Dovre sjukmeldt.