Ljørdalen kan få nasjonalpark om to år. Det vil ikkje innbyggarar, jegarar, fiskarar og hytteeigarar ha noko av.
Dei syner til at det er drivi jakt og fiske i området i 100 år.
- Det ville vore ei katastrofe om området skulle bli ein nasjonalpark, meinte innbyggjarane.

Planene om nasjonalpark samle et fullt Lund Samfunnshus. (Foto: Stein S Eide/NRK)
Fylkesmannen seier nei
Heller ikkje Fylkesmannen i Hedmark ønskjer at det foreslåtte verneområdet i Fulufjellet i Ljørdalen skal bli ein nasjonalpark, eller ein såkalla PAN-park, slik det er på svensk side.
I ein PAN-park vil jakt, fiske og beite vera forbode.
- Dette er ikkje aktuelt å foreslå her, seier seksjonsleiar hjå fylkesmannen si miljøvernavdeling, Hans Christian Gjerlaug.
Meir skepsis
Det er mange som uttrykkjer skepsis mot den planlagte nasjonalparken. Trysil kommune skal vera med å kartlegge konsekvensane av ein nasjonalpark.

Ordfører i Trysil, Ole Martin Norderhaug er skeptisk til nasjonalparkplanene. (Foto: Stein S Eide/NRK)
- Vi er skeptiske til forslaget, stadfestar ordførar i Trysil, Ole Martin Norderhaug.
Fleire turistar
Men mens motstanden er sterk, argumenterer Staskog med turistane.
- Ein nasjonalpark i Ljørdalen vil trekkje fleire turistar frå Europa, seier Fredrik Platou i Statskog.
Statskog er den største grunneeigaren i det to hundre tusen mål store planlagte verneområdet i Ljørdalen, og Platou ser positive sider ved å få nasjonalpark der.