– Situasjonen er akutt. Lillehammer Olympiapark AS drifter store anlegg av nasjonal interesse, men det er ikkje mogleg å redusere drifta meir utan å måtte stenge anlegga og legge ned verksemda.
Det seier ordførar i Lillehammer, Ingunn Trosholmen (Ap).
No etterlyser ho at kulturdepartementet og regjeringa bidreg med pengar til drift i koronakrisa.
Elles kan konsekvensane bli store for OL-byen.
Ordføraren fryktar at dei fem olympiske anlegga på Lillehammer kan bli historie innan kort tid.
– Vi treng nødhjelp no, seier Trosholmen.
Tap på om lag 20 millionar
Koronakrisa har allereie ført til at mykje av verksemda i parken har måtte stenge ned.
Det er rekna ut at Olympiaparken har tapt om lag 20 millionar kroner i omsetning i år.
– Det er ille. Det er store summar det er snakk om, seier administrerande direktør i Lillehammer Olympiapark, Per Olav Andersen.
Dei har klart å kompensere mykje av tapet, men ligg framleis på minussida.
– Tapet er rekna til å ligge på 7,5 millionar kroner. Men så kjem det eit 2021 som vi ikkje veit rekkevidda av endå.
Dei fem anlegga som står i fare er Kanthaugen Freestyleanlegg, Lillehammer Olympiske bob- og akebane, Birkebeineren ski- og skiskyttarstadion, Lysgårdsbakkene hoppanlegg og Håkons Hall.
– Vi kan ikkje drive vidare på det nivået vi driv utan ein form for kompensasjon eller finansiering.
Dette er ikkje første gong OL-anlegga frå 1994 slit økonomisk. Også i 2018 var situasjonen kritisk for Olympiaparken.
Utanfor kompensasjonsordningar
Olympiaparken har ikkje mottatt ei einaste krone frå staten under koronakrisa.
Dei søkte på den ordinære krisepakka, men i oktober vart parken avregistrert frå det såkalla Frivilligregisteret i Brønnøysundregistera.
Lillehammer Olympiapark er nemleg kommunalt eigd, og kan difor ikkje reknast som frivillig verksemd.
Det gjer til at dei ikkje ligg innanfor kriteria til kompensasjonsordning til den frivillige innsatsen.
Det betyr at OL-parken fell utanfor alle støtteordningar.
I tillegg til at dei ikkje kan reknast som ei frivillig verksemd, kan dei heller ikkje søke ordningane til næringslivet.
– Vi jobbar no med ei anke på registreringa i frivilligregisteret. Så får vi sjå kor det fører, men vi håper jo det kan vere hjelp å få frå departementet.
– Det synest vi hadde vore rettferdig, seier Andersen.
Kulturdepartementet har ikkje hatt anledning til å svare på NRK sine meldingar i dag.