Hopp til innhold

Nytt nei til å utvide krematorium på Gjøvik

Statsforvaltaren i Innlandet har oppheva vedtaket Gjøvik kommune har gjort om å utvide krematoriet ved Hunn gravplass, midt i byen.

15 naboar har klaga på utvidinga og dei får altså medhald, og i dag tysdag fekk dei brevet frå Statsforvaltaren. Hanne Prytz, som har stått i spissen for klagarane, seier til NRK at ho er veldig glad og overraska over at dei har vorte høyrd.

Dette er andre gong Statsforvaltaren seier nei til planane til Gjøvik kommune og Gjøvik kyrkjelege fellesråd.

Dei meiner saka er alt for dårleg belyst og burde vore på høyring hos både Statsforvaltar og Fylkeskommune før kommunestyret gjorde eit nytt vedtak.

Krematorium Gjøvik
Foto: Frode Meskau / NRK

Flere saker fra Innlandet

Gudbrandsdalen Slakteri

Bygger nytt slakteri i Gudbrandsdalen

Simen Skarderud

Selv da fingertuppene falt av én etter én, fikk ikke Simen sterke smertestillende