Hopp til innhold

To nye koronadødsfall i Innlandet

Det er meldt to nye koronadødsfall i Innlandet. Totalt har 12 døydd med covid-19 i Innlandet.

Sykehuset Innlandet

FEM DØDE: Fem personar har døydd med covid-19 på Sykehuset Innlandet. Her er sjukehuset på Lillehammer, og dette er brukt som illustrasjonsbilete.

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Ei eldre kvinne frå Sør-Odal som hadde fått påvist viruset døde fredag 1. mai, opplyser Sør-Odal kommune i ei pressemelding.

Dette er det første koronadødsfallet i Sør-Odal.

– Vedkomande var ei eldre kvinne i 80-åra som hadde underliggande sjukdommar, og ho var pasient ved Sør-Odal alders- og sykehjem, skriv dei.

Alle pårørande er informert.

Sender tankar til etterlatne

Ordførar i Sør-Odal, Knut Hvithammer, kondolerer og sender sine varmaste tankar til dei etterlatne.

– Dette var ein trist bodskap og det var ikkje dette me ville høyre. Sør-Odal er ei bygd der me har nærleik til kvarandre og me har ingen å miste, seier Hvithammer i pressemeldinga.

– Mine tankar går til familie, vener og omgangskretsen til personen som har gått bort. De skal vite at det er mange som har dykk i tankane og har medkjensle for dykk, seier Hvithammer.

Dødsfall ved sjukehus

Fredag meldte Sykehuset Innlandet på sine nettsider at ein person hadde døydd, og dermed har totalt fem døydd på Sykehuset Innlandet med covid-19. Det var registrert sju innlagde pasientar denne dagen.

– Dødsfallet skjedde torsdag 30. april, seier kommunikasjonsrådgjevar Line Fuglehaug ved Sykehuset Innlandet.

Grunna personvern vil Sykehuset Innlandet ikkje seie noko meir om dødsfallet.

Laurdag var totaltalet på innlagde på seks pasientar, og talet på døde hadde ikkje auka. Det same gjeld sundagen og måndagen.

Tilsette ved sjukehus i karantene

Fredag vart det også kjent at tre pasientar ved sjukehuset i Hamar hadde testa positivt for covid-19. Då stengde sjukehuset ein kirurgisk sengepost, og rundt 60 tilsette vart sett i karantene. Tilstanden til de tre pasientane som har fått påvist smitte skulle vere god. Ingen av dei hadde symptom då dei vart innlagt.

Sundag vart det meldt at sjukehuset i Hamar opna igjen med avgrensa aktivitet etter smitteutbrotet.

Måndag er 40 tilsette, av om lag 9000 tilsette totalt, smitta av covid-19. 94 tilsette er i karantene, noko som er 16 fleire enn sundag.

Flere saker fra Innlandet