Håpar fadderveka er redda

Faddersjef jublar for vaksineprioriteringar. No blir dei som er 18 til 24 år prioritert opp i vaksinekøen, og får ein meir normal semesterstart.

Fatema Al-Musawi bak roll-up

FADDERVEKE BLIR REDDA: Dersom regjeringa følgjer tilrådingane kan Fatema få arrangere ei meir normal fadderveke i 2021.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKFoto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg er kjempeglad, det er jo ei skikkeleg gladnyheit!

Fatema Al-Musawi er i gang med å planlegge fadderveka for studentane på Lillehammer ved Høgskulen i Innlandet. Det var ikkje lett i fjor, men i år kan det bli annleis.

Onsdag kom regjeringa med beskjeden om at unge frå 18 til 24 år blir prioritert i vaksinekøen, saman med dei som er 40 til 44 år.

Fatema Al-Musawi på kontoret

PLANLEGGINGA ER I GANG: Fatema arbeidar no med å rekruttere fadrar til i haust.

Foto: Åshild Slåen, NRK

For Fatema tyder det at ho kanskje kan arrangere ein meir normal semesterstart for nye og gamle studentar på Lillehammer.

– I fjor var det veldig uføreseieleg, og vi måtte avlyse mykje. No håpar eg verkeleg at vi kan ordne ein knakandes god fest i haust.

Ho meiner at vaksinering av ungdom og studentar er eit viktig steg i å hjelpe dei som har ofra mykje i pandemien. Ein god semesterstart kan sikre dei å få seg vener på studiet, og vere ein måte å betre den mentale helsa deira.

Fadderuke-samling i Nygårdsparken i Bergen

VANSKELEG Å ARRANGERE: I fjor var det avgrensa fadderveker rundt om i landet. Her med studentar i Nygårdsparken frå fadderveka i Bergen 2020.

Foto: Oddgeir Øystese

Nær halvparten med alvorlege psykiske plager

Regjeringa si ekspertgruppe på koronavaksinar tilrådde allereie måndag at 18- til 25-åringar bør bli prioritert. Grunngjevinga for prioriteringa av yngre folk har derimot ikkje med mental helse å gjere.

Lars Vorland, Helse Nord

AVGRENSE SMITTESPREIING: Regjeringa sitt ekspertutval tilrår å vaksinere yngre aldersgrupper for å redusere smittetrykket.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– No nærmar det seg sommarferie, mange skal flytte på seg, og byrje på nytt studium eller jobb, sa Lars Vorland, leiar i ekspertgruppa, på pressekonferansen måndag.

I rapporten til ekspertgruppa blir kontakthyppigheit framheva, altså kor mykje ein person er saman med forskjellige menneske. Det er fordi kor mykje kontakt ein person har er avgjerande i kor stor smittespreiinga blir.

Folkehelseinstituttet peikar på det same, og meiner at vaksineplanen vil ha best effekt ved å vaksinere 18- til 25-åringar, og 40- til 44-åringar samstundes. På pressekonferansen kom Erna Solberg også med ei anerkjenning av korleis tiltaka har påverka yngre folk.

– Mange unge har blitt hardt ramma av tiltaka, ikkje minst unge vaksne i studiesituasjon som har opplevd å få avgrensa det sosiale livet sitt mykje, sa statsministeren onsdag.

Sjølv om ei eventuell vaksinering av 18- til 24-åringar både vil hjelpe mot smittetrykk og betre den mentale helsa til studentane, blir ikkje nødvendigvis alt løyst.

– Pandemien har fungert som eit forstørringsglas på den psykiske uhelsa studentar allereie hadde, seier Gesine Fischer, leiar i Studentorganisasjonen i Innlandet.

Gesine Fischer, leiar i Studentorganisasjonen i Innlandet

PSYKISK UHELSE: Leiar i Studentorganisasjonen i Innlandet meiner pandemien har framheva problem hjå studentane som allereie var der.

Foto: Alexander Eriksson

Ho viser til Studentane si helse og trivselsundersøking der nær halvparten av studentar svarer at dei har alvorlege psykiske plager. Det er ein oppgang på 13 prosent frå 2018-undersøkinga.

– Det er veldig fint dersom unge blir prioritert, men vi må også hugse at mange studentar er eldre. Snittalderen her i Innlandet er 25 år, og ein kan ikkje avvise problema heile denne gruppa har hatt gjennom pandemien ved å seie at dei har ein kjedeleg kvardag, påpeiker Fischer.

Blandinga av dårleg psykisk helse og høg snittalder på studentar er eit viktig poeng, sidan dei frå 25 til 39 år no kjem heilt sist i vaksinekøen.

Vil inkludere alle

Fatema har sjølv kjent på kor utfordrande det er å studere under ein pandemi. Ho mista kontakt med nesten alle i klassa etter nedstenginga i fjor.

Fadderuka 2021 Lillehammer

UTSTYRET KLART: Fatema sjekkar roll-up saman med den andre faddersjefen, Mathias Brattås Remo.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det som verkeleg var kjipt var å kome til fysisk undervisning til hausten og ikkje vite kven eg skulle prate med. Difor håpar eg at fadderveka i år også kan bli for dei som ikkje fekk det same tilbodet i fjor.

GÅTT GLIPP AV MYKJE: Det er meir enn berre fadderveke som yngre folk har måtte gi slepp på.