Les også: Dyrare for bedriftene
I dag betaler arbeidsgjevarane løn for dei fyrste 16 dagane ein arbeidstakar er sjukemeldt. Nå vil regjeringa at bedriftene berre skal betale for 14 dagar, men at dei skal betale 10 prosent av sjukepengane over heile sjukdomsperioden.
Sjukefråværet har gått ned
Forslaget frå regjeringa til endra sjukelønsordning vil føre til at bedriftene får større utgifter når dei tilsette er sjuke over ei lengre periode. Men dei tilsette får altså likevel sjukepengar som i dag.
Både NHO og LO seier seg leie for at regjeringa bryt avtalen om eit inkluderande arbeidsliv.
NHO peikar på at dei siste to kvartala har sjukefråværet gått ned, særleg i privat sektor. Dei forstår ikkje kvifor ordninga skal endrast.
Lokale reaksjonar
Administrerande direktør Mikkel Dobloug i Swix Sport A/S i Lillehammer tykkjer det er eit stort problem at kostnadsnivået aukar.
- Vi får eit konkurransehandikap mot verda vi lever i, og det er ikkje bra, seier Dobloug.
Det er over 120 tilsette i Swix Sport og auka utgifter under sjukefråvær vil slå sterkt ut for bedrifta.
- Langtidsfråværet kan vi ikkje påverke, derfor kan dette få alvorlege konsekvensar, seier Dobloug.
Trur ikkje på vedtak
- Det kan bli veldig store ekstrakostnadar, stadfestar Dobloug, som foreløpig ikkje har rekna på endringa i sjukelønsordninga.
- Ei anna side ved slike forslag er at ein startar med ein prosentsats, som 10 prosent i dette tilfellet, og denne prosentsatsen blir alltid auka. Derfor blir slike ordningar svært uheldige både på kort og lang sikt, meiner Dobloug.
Swix-direktøren har ikkje tru på at regjeringa får fleirtal for forslaget til ny sjukelønsordning.